Hopp til innhold

Syklist sneia av bil i Fatlatunnelen

Ein mannleg syklist i 50-åra vart lettare skadd etter at ein bil skal ha sneia han under ei forbikøyring i Fatlatunnelen på riksveg 55 mellom Leikanger og Sogndal.

Ulykke

TILFELDIG: Luftambulansen var på eit anna oppdrag, men vart omdirigert. Den skadde vart likevel frakta med ambulanse til sjukehuset i Førde.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi fekk melding like etter klokka 18.00 om at ein syklist låg skadd i vegbana i Fatlatunnelen, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.

Ulykka skjedde om lag midt inne i den litt over to kilometer lange tunnelen.

– Syklisten skal ha vorte sneia av ein bil som køyrde forbi han. Det skal ha vore berøring mellom dei to, opplyser Agnar Dregelid ved operasjonssentralen hjå Sogn og Fjordane politidistrikt.

Bilføraren er avhøyrt på staden.

– Saka vert etterforska på vanleg måte, seier Dregelid.

Skal vere lettare mørbanka

– Syklisten vart frakta vekk i ambulanse, lettare mørbanka, opplyser politibetjent på ulykkesstaden, Stein Helge Selland, til NRK.no.

Selland

VAR PÅ STADEN: T.v. politibetjent Stein Helge Selland var på staden. T.h. personell frå luftambulansen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Syklisten skal ha vore på veg frå Sogndal til Leikanger då ulykka skjedde. Luftambulansen var på staden, men drog vidare utan den skadde om bord.

– Luftambulansen var tilfeldig i området og vart dirigert hit, men syklisten vart frakta til Førde sentralsjukehus med ambulanse, seier Selland.

Fatlatunnelen vart stengd nær ein time, og det var ei stund lange køar i begge retningar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.