Hopp til innhold

Streik kan lamme cruisetrafikken

Cruisetrafikken i Sogn og Fjordane kan bli hardt ramma dersom streiken held fram. I Flåm reknar dei med store inntektstap.

Tre cruisebåtar i Flåm

KAN BLI LAMMA: Det kan bli stopp i cruisebåt-trafikken på Sognefjorden frå onsdag morgon (arkivfoto).

Foto: Jan Christian Jerving

Frå onsdag morgon blir alle dei 102 losbåtførarane i Norge tekne ut i streik dersom det ikkje blir semje mellom YS Stat og staten som er arbeidsgjevar.

Losane er avhengige av at losbåtførarane er på jobb for å kunne utføre arbeidsoppgåvene sine. Dermed vil ei utviding av streiken ramme heile lostenesta. Frå før er denne tenesta i Oslofjorden ute i streik.

Hardt ramma i Flåm

Hamnesjef John Erik Johnsen i Aurland Hamnevesen seier ein streik vil ramme dei hardt.

– Det vil bli enorme inntektstap. Vi har i gjennomsnitt 1500 passasjerar på kvar cruisebåt i Flåm. Dersom ikkje skipet kjem seg inn til oss, vil det bety 1,5 millionar i tap på kvart skip. Det er inntekter vi har på transport, handel og mat, seier han.

Vil ikkje få los om bord

Narve Leonhardsen

FÅR KONSEKVENSAR: Narve Leonhardsen er leiar i Losbåtførernes forbund. Han seier ein streik vil merkast godt.

Foto: Harald Albrigtsen / NRK

Narve Leonhardsen som er leiar i Losbåtførernes forbund, seier at ei opptrapping av streiken vil råke tilbringartenesta for losane.

– Det vil seie at det ikkje lenger er mogleg å få sett los om bord i båtar på havet. For Sogn og Fjordane sin del, vil det i hovudsak ramme cruisetrafikken på Sognefjorden. Industrisamfunna Årdal og Høyanger vil også få merke dette, seier han.

Håper på løysing

Han fortel at dei store skipa får losen sett om bord på havet via ein losbåt. Losen går om bord i skipet, blir med til hamna og så ut på havet igjen.

– Men når losbåtførarane streikar, er det ingen til å frakte losen til skipet eller hente han etterpå, seier Leonhardsen.

Han seier dei håper å unngå å gå ut i streik, men er ikkje optimist.

– Vi håper arbeidsgjevaren kjem med eit tilbod, for det er veldig trasig å streike. Men eg har ikkje høyrt at det skal ha vore kontakt mellom partane, så det spørst om det blir ei løysing til onsdag morgon.

Kan bli liggjande i hamna

Blir det streik, vil cruisebåtar som ikkje har kome seg ut av Sognefjorden, bli liggjande fast.

– Dei må komme seg ut før ein eventuell streik startar, eller la vere å gå inn, seier han.