Hopp til innhold

Kleppa lovar Lærdal arbeidsplassar

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa legg fem statlege arbeidsplassar til Lærdal.

1881 i Lærdal

FÅR FEM ARBEIDSPLASSAR: Som erstatning for Opplysningstenesta som forsvann, får Lærdal fem nye arbeidsplassar.

Foto: Rune Bolstad

Det er oppgåva med å sende ut internasjonale transportløyve som blir lagt til Lærdal. Det inneber fem tilsette i Lærdal frå 2013. På lengre sikt kan det bli fire stillingar til.

Jan Geir Solheim

- GLEDELEG: Ordførar Jan Geir Solheim.

– Dette var veldig gledeleg, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal. Vi har litt til gode, og dette er ein god start. Det er bra å få slike stabile arbeidsplassar.

Lærdal kommune bad i mars i år om at delar av vegmeldingstenesta vart flytta frå Bergen til Lærdal for å kompensere for tapet av arbeidsplassar når opplysingstenesta 1881 legg ned si avdeling i Lærdal, og for tap av arbeidsplassar ved Lærdal sjukehus.

I alt har langt over 100 arbeidsplassar gått tapt etter at aktiviteten til 1881 gradvis vart trappa ned for til slutt å bli lagd heilt ned i Lærdal. For berre fire år sidan var det 122 tilsette på 1881.

Plaster på såret

Vegmeldingstenesta 175 har rundt 25 tilsette i Bergen, og Lærdal kommune meinte at storparten av desse kunne flyttast til Lærdal. Men Vegdirektoratet vil ikkje gå med på å flytte funksjonar i vegmeldingstenesta frå Bergen, det er ikkje «føremålstenleg for denne tenesta», går det fram av deira tilråding til Samferdselsdepartementet.

I staden kjem samferdselsministeren med eit plaster på såret, det utgjer i første omgang fem arbeidsplassar frå 2013 og fire arbeidsplasser seinare.

Men ordførar Jan Geir Solheim har slett ikkje gitt opp håpet om å få flytta arbeidsplassar i vegmeldingstenesta til Lærdal.

– Brevet frå statsråden kan nok oppfattast som at det er avgjort, men vi kjem til å halde fram med å arbeide for å få fleire arbeidsplassar til Lærdal.

Magnhild Meltveit Kleppa seier arbeidsplassane kjem i samband med at Vegdirektoratet i 2013 startar eit register for som skal utveksle opplsyningar om transportørar mellom EU- og EØS-land. I dag er det tre stillingar i Vegdirektoratet i Oslo som tek seg av utsending av internasjonale transportløyve.