Hopp til innhold

Mopedgamlingane er snart borte

Ein gong var dei talrikt representerte og eit sosialt bindeledd både i by og bygd. I dag er Johan Moene (70) nesten åleine att i kategorien «eldre menn på moped», eller «mopedgamlingar».

Johan Moene med plenklyppar på mopeden

FLEIRBRUK: Johan Moene er ein av dei siste entusiastane, ein av dei siste som brukar mopeden til å ta seg fram der han måtte ha behov for det.

Foto: Håvard Lægreid

Høyr radioreportasje om jakta på mopedgamlingar her:

– Eg har no tenkt på å skaffe meg bil, men det har ikkje vorte enno. Me får sjå kva tida bringer, seier Johan Moene.

Han er i sitt syttiande år, og det er noko med framtoninga hans som fortel at det nok vil bli med tanken. Kjeledressen, bæreposane på handtaka og den velbrukte hjelmen fortel at dette er ein mann som står ved vanane sine.

– Det er fint på moped, slår heilårsmopedisten fast.

– Med piggdekk går det heilt fint. Eg har ikkje velta så ofte. Men når det er 20 minus då køyrer eg ikkje. Då blir det for kaldt.

– Pussige fyrar

I dress på moped

I DRESS: Eit av Øystein Sunde sine mopedbilete. Eldre kar i dress på Puch 50 cc automatgir.

Foto: Øystein Sunde

Moene er blant dei siste representantane av ei gruppe som ein gong var godt synlege over heile landet. Dei eldre karane som aldri hadde førarkort på bil, men som kom seg dit dei skulle på ein femtikubbikk med nokre ytterst få hestekrefter.

Her kan du sjå Johan Moene på mopeden, fanga av eit av Google sine kamera!

– Dei ser ofte litt pussige ut. Dei køyrer tohjuling, men føler vel ikkje at dei kan ha på seg full motorsykkeldress. Dermed blir det ein slags mellomting, kanskje med ein regnfrakk der vinden kom inn gjennom ermene og bles den opp som ein boble. Elles kunne dei kome i dressjakke og slips, fortel Øystein Sunde.

Eit langt liv som turnerande musikar på norske landevegar lærte Sunde å setja pris på ting han kunne sjå att over alt. Ting som både var individuelle og samtidig ganske like over alt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pustesylinderane var ei stund populære blant mopedistane

EKSTRAUTSTYR: - Desse sylinderane gjorde det lettare for mopedistane å puste. Dei var populære ei stund, men denne hadde ikkje vore i bruk på ei god stund, fortel Oddleiv Apneseth.

Foto: Oddleiv Apneseth

– Eg og Jonas Fjeld

– Eg hadde med Jonas Fjeld nokre år på vegen tidleg på 80-talet og vi pleidde å ta bilete av eldre menn på moped. Eg har etter kvart fått ei ganske stor samling heime, fordi det var ganske mange av dei før. Du kunne sjå dei komande ut frå «fisande» ut ved arbeidstids slutt frå Kalnes mekaniske eller andre store bedrifter. Og elles langs landevegen såg du dei kome frå samvirkelaget og opp til garden der dei budde. Det var ofte ikkje så langt, så det gjaldt å vere klar med telelinsa, stoppe turnedoningen og hive seg ut og ta bilder, fortel Sunde lattermildt.

Etterkrigsfenomen

Mopedgamlingane, som dei etter kvart vart kjende som, var avla av brytingstida etter andre verdskrigen. Eit samfunn i rask endring kravde at folk måtte kome seg rundt, men rasjoneringa gjorde at bilar var utanfor rekkevidda til vanlege arbeidsfolk. For mange vart mopedar løysinga.

Geir Pauslrud

MOPEDHISTORIKER: Geir Paulsrud.

Foto: arkiv / NRK

– Mopedar vart ein lettvint å bli meir mobil på etter kvart som samfunnet stabiliserte seg etter andre verdskrigen, fortel Geir Paulsrud, kulturhistorikar i Statens Vegvesen.

Jonas Øglænds sykkelfabrikk

Jonas Øglænds sykkelfabrikk i Sandnes sette i gang produksjonen av Tempo-mopedar i 1951 og forsynte norske mopedistar med enkle framkomstmiddel heilt fram til 1987.

Sjølv om importerte mopedar som Puch og Panther også var populære, var det tempomodellane som meir enn noko anna forma starten av mopedkulturen.

– Eg hugsar tempoen. Det var det første eg hadde. Gode syklar, men den oljeblandinga i bensinen var ikkje noko særleg. Dei vart fort sure og det kunne vera eit slit å få start på dei, mimrar Johan Moene, som for lengst har bytt til japansk moped.

Lita, men synleg gruppe

Mopedist fotografert av Oddleiv Apneseth

FAVORITTEN: Denne mopedistien frå lærdal er ein av Oddleiv Apneseth sine personlege favorittar.

Foto: Oddleiv Apneseth

1. oktober 1960 vart rasjoneringa på bilar oppheva. No kunne alle kjøpe bilar, men det var ikkje alle som såg poenget med det.

– Det vart nokon som framleis føretrakk å køyre moped. Ein kan ikkje seia at det var ei stor gruppe statistisk sett. Det var ei lita men synleg gruppe som køyrde moped utover 60- og 70-talet. Mange av dei var etter kvart litt eldre menn som hadde ein relativt enkel livsstil. Deira behov var å kome seg frå heimen til butikken og gjerne på kafé for litt sosialt liv, seier Paulsrud.

Sterk integritet

– Desse karane hadde sterk integritet, var veldig bevisste på korleis dei levde og hadde litt enklare smak enn oss andre. Dei reste ikkje og kjøpte seg nye støvlar eller klede kvart år. Dei klarte seg med det dei hadde livsstilen var prega av lite pengebruk. Det dei hadde prioriterte dei heller å bruke på ein kaffikopp og ei kake på den lokale kafeen.

Etter kvart som både karane og mopedane vart eldre, kom begrepet «mopedgamlingar» på bana. Kunst- og avisfotografen Oddleiv Apneseth fekk eit ømt punkt for dei på sine mange reportasjeturar på Vestlandet på starten av 90-talet.

– Spektakulære individ

Oddleiv Apneseth

MOPEDFOTOGRAF: Oddleif Apneseth.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Mange av dei hadde køyrt i tiår etter tiår. Fenomenet var såpass aldersprega at det var blitt ganske individualistisk og, i den forstand at kvar enkelt moped slett ikkje var straumlinjeforma lenger. Dei bar preg av reparasjonar, klesdrakter og spesielle hjelmar. I tillegg til eit høgst spektakulært individ som førte denne doningen. Det var flott. Ein fin gjeng, seier Apneseth.

Snart gjorde han som Sunde: Stogga bilen og tok bilete så snart han såg ein eldre mann på moped. Rundt om kring i landet, og spesielt i på bygdene, hadde mopedgamlingane innteke ein viktig funksjon. Dei var pensjonistar og hadde tid til å prate med alle, kom seg rundt i ytterkantane av bygda og var oppdaterte på det meste som skjedde.

– Å ja, eg kjende dei godt. Dei parkerte utanfor den lokale kafeen og var innom for ein kaffikopp og ei kake. Dei hadde tid til å prate og var veldig reflekterte på mange område. Spesielt på alt som hadde med naturen å gjere. Dei visste alltid kvar ein kunne få fisk, minnast Geir Paulsrud.

– Hadde ikkje lenge att

– Det såg ut som noko som var i ferd med å forsvinne fordi det var stort sett eldre herrar som farta rundt på desse doningane. Då er det lett å sjå for seg at dei ikkje hadde lenge att, seier Apneseth.

Og det hadde dei ikkje heller. For Øystein Sunde gjekk det stadig lenger mellom kvar gong han såg ein skikkeleg tilårskomen moped med ein like tilårskomen sjåfør.

Tidsbilete på hjul

– Når var det då? På midten av nittitalet merka vi at det begynte å tynnast i rekkene, men framleis kunne vi sjå dei. Dei siste 12-15 åra har det vore tynt og no i det siste har det ikkje vore nokon.

– Er det lenge sidan du har teke bilete av ein?

– Veldig lenge sidan.

– Dette var eit tidsbilete frå Norge like etter andre verdskrigen då samfunnet var i veldig stor endring. Du kan vel seie at dei døydde ut etter kvart. Dette var eit segment i ein periode då bilen begynte å bli vanleg, men dei valde av ulike årsaker å halde fram med å køyre moped. Då dei etter kvart fall bort fann samfunnet nye måtar å transportere seg på. Dei fleste fekk førarkort etter kvart, seier Paulsrud.

– Blir aldri ekte vare

Øystein Sunde

MOPEDGLAD: Øystein Sunde.

Foto: Odd Vegard Kandal / NRK

– For desse gamlegutta var moped det dei hadde råd til etter krigen. No, når oljerikdomen har nådd oss til hatteforet kjøper alle sjølvsagt bil, så det er ingen som tek over etter dei, seier Øystein Sunde.

– Men du blir jo eldre du og. Har du vurdert å skaffe deg moped?

– He, he. Eg har. Rett og slett ein Monarch frå 1973. Ein trehjuling med lasteplan frampå restaurert etter alle kunstens reglar. Men eg blir aldri ekte vare, for eg køyrer ikkje fordi eg må. Når eg køyrer moped er det for å ha det gøy, seier han.

Men sjølv om dei gamle Tempo-syklane stort sett er eigd av samlarar no til dags, rullar det framleis nokre få eldre karar på nyare, japanske mopedar på norske vegar. Ei slags siste ekko av ein nøysom etterkrigsgenerasjon med enkle behov og stor glede av å kome seg rundt.

Moped i Jølster

GOD STAND: Mopedane vart godt tekne vare på, og det finst i dag mange eksemplar i god stand.

Foto: Oddleiv Apneseth

– Vi var ein gjeng

Johan Moene legg kvar dag ut på den 18 kilometer lange turen frå heimen på Hafslo til Sogndal. Her hentar han brødrestar frå butikkane som han fraktar i bæreposar hengande på mopedstyret heim til Hafslo. Kjøper han noko prøver han å få med seg det også, og som regel går det bra. Han veit han er nesten åleine att, og saknar gjengen frå gamledagar.

– Det var voldsomt mange av dei, ein heil gjeng. Det var mange gamle karar som køyrde syklar. Det er ikkje så mange att av dei. Det er berre ungdomane som køyrer moped no, seier han.