Hopp til innhold

Over 30 geiter miste livet i haust - no set Vegvesenet ned fartsgrensa

Tidleg ein morgon i haust var over 30 geiter drepne då ein nattbuss køyrde inn i flokken. No har Vegvesenet bestemt at fartsgrensa gjennom beiteområdet på riksveg 5 i Jølster skal setjast ned til 70 km/t.

Drepne geiter i Kjøsnesfjorden

TRAGEDIE: For bonden var det ein tøff dag då han såg dei døde dyra ligge strødd langs vegen. No blir fartsgrensa gjennom dette beiteområdet sett ned frå 80 km/t til 70 km/t.

Foto: Privat

Bileta av dei ihelkøyrde geitene som låg drepne langs vegen fekk debatten om bilkøyring i beiteområde til å blusse opp for fullt.

Dyr i vegbana skaper stadig vekk trafikkfarlege situasjonar, og det er eit problem for både bilistar og bønder. Men kva skal ein gjere for å unngå slike tragediar igjen?

Statens vegvesen har no diskutert fleire alternativ og har kome fram til at lågare fart er den beste løysinga. Farten blir sett ned frå 80 km/t til 70 km/t i sommarsesongen.

– Vi håpar at bilistane skal vere litt meir merksame på dyra som ligg i tunnelmunningar og i vegbana, seier Gaute Strømme i Statens vegvesen til NRK.no.

– Det var heile geiter og halve geiter

Det var i september i fjor at ein buss på veg frå Oslo til Førde brasa inn i ein flokk geiter som låg og sov i vegbana. For geitebonde Ole Kristian Kjøsnes vart det ein vond dag som han seint vil gløyme.

– Det er heilt vanvittig, slikt skal ikkje skje. Det var heile geiter og halve geiter, og delar av geiter overalt. Eg tenkte at det går ikkje an at slikt skjer. På ein strekning på 20 meter låg det kadaver overalt. Det var eit grufullt syn for ein som driv med dyr, sa han til NRK.no den gong.

I etterkant har Vegvesenet jobba tett saman med beiteeigarane for å finne ei løysing for å redusere risikoen – både for geitene og bilistane som ferdast på vegen gjennom området.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video 33 geiter drepne av nattbussen

Over 30 geiter i Jølster i Sogn og Fjordane blei drepne då nattbussen køyrde inn i dei i dag tidleg. Geiteflokken låg midt i vegen då bussen kom køyrande.

Bondelagsleiaren er nøgd

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, sa sist haust at det var staten sitt ansvar å finne ei løysing. Han kravde då at det skulle byggjast både undergangar og gjerde for å sikre dyra.

At vegvesenet no har gått inn for å setje ned farten frå 80 km/t til 70 km/t er han glad for.

– Eg synest det er bra at det vert sett i gang nokre tiltak som kan vere med å gjere det betre for dei som har beitedyr og som brukar dette arealet til å produsere mat.

Vil ikkje refleksmerke dyra

Fleire gjerde, ferister, og til og med refleksmerking av beitedyra er blant tiltaka som vegvesenet har hatt på blokka, men dette har det altså ikkje blitt noko av. Iallfall ikkje i denne omgang.

– Vi har vurdert alt frå klaver med refleks som heng rundt halsen på storfé, og øyremerke med innemerka refleks på mindre dyr, seier Strømme.

Ved å setje ned fartsgrensa håpar dei no at bilistane tek ansvar.

– Det er uansett bilføraren si plikt å vere aktsam og tilpasse farten etter forholda, seier Strømme.

(Artikkelen held fram under)

Video Vil refleksmerke husdyr

Trygg trafikk vil ha refleksmerking av husdyr for å hindre ulukker. Bakgrunnen er dyretragedien i Jølster natt til sundag, der 33 geiter blei ihelkøyrde av ekspressenbussen.

– Har plassert ansvaret der det høyrer heime

Hilleren i Bondelaget synest ikkje det gjer noko at beitedyra i Kjøsnesfjorden førebels slepp å gå med refleks.

Med nye skilt og lågare fartsgrense er ansvaret for tryggleiken plassert der det høyrer heime, meiner han.

– Ja, no har iallfall føraren fått eit heilt tydeleg og klart varsel på at her er det husdyr og at ein må vere vaken og setje ned farten, seier Hilleren.