Hopp til innhold

Både bønder og vanlege folk hamstra brød til hyllene var tømde

Rundt om kring i butikkane byrjar det no å gå tomt for brød. Mange bønder har vore med på å tømme hyllene for å vise at «det daglege brød» ikkje er sjølvsagt.

Bjørn Øren har sikra seg fire posar med brød

FULLE POSAR: Bønder over heile landet har i dag vore med å tømme butikkane for brød. Bjørn Øren har sikra seg fire fulle posar frå ein butikk i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Den varsla brødaksjonen til dei aksjonerande bøndene går sin gang landet rundt. I Førde var hyllene på Coop Mega nesten heilt tomme allereie tidleg på føremiddagen.

Lidvard Befring fekk akkurat sikra seg to brød, og var på veg til neste butikk for å få tak i fleire.

– Eg må ha slik at eg har for ei veke.

– Er det vanleg at du hamstrar på denne måten?

– Nei, men eg skjønte at dette kom til å skje, seier Befring.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tomme brødhyller på Coop Mega i Førde

TOMT: Tidleg tysdag føremiddag var det berre eit par brød att i hyllene på Coop Mega i Førde. Kort tid etter var det heilt tomt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Brødaksjonen går sin gang

Sinte bønder over heile landet har dei siste dagane vist kva dei synest om Statens sitt tilbod i landbruksoppgjeret. Dei har kalla dei 900 millionane eit skambod, og braut laurdag forhandlingane. Kravet om 2,2 milliardar ville den raudgrøne regjeringa ikkje innfri.

Bondeorganisasjonane varsla i går at dei i dag ville blokkere fire store mjølanlegg og tømme butikkane for brød. I Florø melder Nils-Magne Gjengedal at brødaksjonen går sin gang.

– Det er fleire bønder som har vore rundt og kjøpt opp brød, så eg trur nok det har byrja å minke, seier han til NRK.no tidleg tysdag ettermiddag.

Skal fôre dyra med restane

Nils-Magne Gjengedal og Asle Magne Ellingsund

PARKERINGSPLASS: Nils-Magne Gjengedal (i raud kjeledress frå Bondelaget) og Asle Magne Ellingsund kjøper billettar for å hindre andre i parkere utanfor Amfi-senteret i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Han seier enkelte har reagert og lurt på kva bøndene skal med alt brødet. Gjengedal lover at dei ikkje let brødet gå i bosset.

– Sjølvsagt skal vi ete brødet, vi hiver det ikkje. Det vi ikkje et sjølve, det får dyra våre, seier Gjengedal som er styremedlem i Sogn og Fjordane bondelag.

– Dette råkar vanlege folk?

– Ja, det gjorde smørkrisa også det. Vi prøver å synleggjere at det «daglege brød» ikkje er sjølvsagt lenger.

I tillegg til brødaksjonen har bøndene også sperra både vegar og parkeringsplassar. Dei har «kidnappa» ordførarar, medan ein annan ordførar fekk ei ku på døra.

I Florø har bøndene i dag også sperra av fleire parkeringsplassar ved å kjøpe opp alle plassane.

– På tide at folk forstår alvoret

Gjengedal er klar på at dei ikkje ønskjer å terge på seg folk, men at dei vil vise folk kva dei meiner.

Han seier bøndene er svært frustrert og opplever tilbodet frå regjeringa som eit slag i trynet.

– Det er ikkje sikkert at folk kan halde fram med å kjøpe mat når dei vil, slik det har vore til no. Vi kan ikkje garantere at det er nokon vil ta over gardane våre med den lønsveksten vi har, seier Gjengedal.

– Vi må synleggjere alvoret i dette, og det er på tide at folk forstår det.

– Lever i ei boble

Han fortel vidare at dei har fått mykje støtte frå folk flest under aksjonane, og meiner mange har forståing for at bøndene må tene meir på jobben sin.

Toppleiinga i dei politiske partia har derimot ikkje forstått alvoret, meiner Gjengedal.

– Dei lever i ei boble og trur dei berre kan kjøpe frå utlandet. Men folk i utlandet treng maten sin sjølve.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Inge Midtbø er med på bøndene sin brødaksjon

BRØDAKSJON: I tillegg til å blokkere fleire store mjølanlegg har bøndene varsla at dei vil tømme butikkane for brød. Her er per Inge Midtbø i ferd med å fylle korga si i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Fleire må gå tomhendt

På butikken i Førde merka butikkmedarbeidar Olaug Øyestad allereie tidleg på dag at det var folksamt rundt brødhyllene.

– Det har vore trøkk heile tida, og no når det er gått tomt spør folk om vi ikkje har meir, seier Øyestad til NRK.no.

Ein som må gå tomhendt frå butikken er Oddmund Frøysland. Han er sjølv bonde, men var ikkje på butikken for å hamstre.

Nesten tomt for brød på butikken

SEKS ATT: Olaug Øyestad på Coop Mega i Førde viser fram dei seks brøda som var att tidleg på føremiddagen tysdag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg har kjøpt det eg har bruk for, seier Frøysland som naturleg nok støttar opp om aksjonen.

– Bøndene får for dårleg betalt, så at fleire aksjonerer er forståeleg.

– Dårleg av politikarane

Også Lidvard Befring støttar brødaksjonen til bøndene. Han har sjølv gitt seg som bonde og er misnøgd med politikarane.

– Det er dårleg av dei at dei ikkje kan gje bøndene meir i løn. Bøndene ligg langt etter dei andre lønsgruppene, seier Befring.