Hopp til innhold

Massivt fråfall frå musikkorpsa

Stadig fleire stader står i fare for å måtte gå i 17. maitog utan musikkorps. Dei siste fem åra har 3000 korpsmusikantar lagt instrumenta på hylla.

Video Massivt fråfall frå musikkorpsa

Massivt fråfall frå musikkorpsa

- Vi har vorte færre korps, og årsaka til det kan vere at vi er små små korps som må slå seg saman. Vi registrerer eit fråfall blant ungdommar mellom 11 og 15 år, seier generalsekretær Anita Finnebråten i Norges Musikkorpsforbund (NMF).

100 musikkorps landet over har vorte lagde ned eller slegne saman med andre dei siste fem åra, og spesielt tenåringane vel vekk korpsmusikken. For å berge den tradisjonelle 17. maifeiringa har mange vorte nøydde til å tenke nytt.

Slår seg saman

Kornettar, tromboner, saksofonar og skarptrommer kling som dei skal i gymsalen i Davik. Her har det lokale musikkorpset øvd lenge, men noko er likevel annleis i år.

For at dei skal få i til fullverdige versjonar av Kongesongen og Gamal jegermarsj i år må dei ha hjelp frå det som er att av korpset i nabobygda Ålfoten. Dei er framleis to sjølvstendige korps på papiret, men på 17. mai spelar dei saman.

- Då fann vi ut av vi kunne vere i lag. I staden for at vi sat i kvar vår bygd og hadde to små grupper kunne vi ha eitt brukande korps i staden, fortel Fay Anette Løvseth, dirigent for Davik Musikklag og Ålfoten Hornmusikk.

Davik Musikklag og Ålfoten Honrmusikk

SAMARBEID: Korpsa frå Davik og Ålfoten går saman 17. mai.

Foto: Juliane Kravik / NRK

Kraftig tilbakegang

Så seint som i 2000 peikte pilene oppover for korpsa i Norge. Etter det har fråfallet auka på. I 2007 var det 65.883 aktive korpsmusikarar i landet. Om lag 26.000 av desse var i alderen ti til 19 år.

I 2012 har talet på musikantar falle til 62.805, og fallet for musikantar i tenåra er endå meir dramatisk. Berre vel 18.000 er att.

Paradoksalt nok er talet på aspirantar til korpsa kraftig aukande. Frå om lag 8.000 i 2007 til 12.000 i år. Likevel har totalt har 100 musikkorps forsvunne eller vorte slegne saman med andre dei siste fem åra. Og utviklinga er lik både i byane og på bygda.

– Idretten er ikkje den største konkurrenten. Vi har utfordingar når det gjeld sosiale medier, der ungdommar brukar mykje av tida si kvar dag, seier Finnebråten i NMF.

- Alle må ha korps

Ungdommar og vaksne i dei to korpsa er i ferd med å finne tonen både musikalsk og sosialt. No gler dei seg til å gå først i toget både i Ålfoten og i Davik på 17. mai.

- Dei som ikkje vil vere med går glipp av mykje moro, seier Ida Marie Drageset frå Davik.

Thorhild Bruland gler seg til 17. mai, men endå meir til korpsturen til England i 2015.

- Viss det blir noko av då. Eg håpar det, seier ho.

Dirigent Løvseth lovar å gjere sitt for at korpsmiljøet i dei to nordfjordbygdene framleis er sterkt nok i 2015 til at det blir tur til England.

- Alle bygder med respekt for seg sjølv har eit korps, slår ho fast.