Hopp til innhold

Bønder stengde fjellovergang - vart truga med pryl

Blokkering av vegar og «kidnapping» av ordførarar. Bøndene meiner sjølve dei kunne strekt seg lenger for å markere misnøyen til landbruksoppgjeret. Hos folket møter dei blanda reaksjonar.

Video Bønder stoppa trafikken over Utvikfjellet

BLOKKERTE: Fleire bilistar reagerte med sinne over aksjonsforma bøndene valde på Utvikfjellet.

Etter brotet i landbruksoppgjeret laurdag, markerte bøndene i Vik og Balestrand ein svak start på aksjonen med si eiga «skytebane» og «syterampe» i Vetlefjorden.

Måndag morgon stogga dei trafikken over Utvikfjellet. Liknande planer har dei også for Førde, Skei og Sogndal utover ettermiddagen.

Det er også venta fleire aksjonar utover veka i heile landet.

Bønder er den mest pressa arbeidsgruppa i Norge, men dei gir aldri opp. Tar jobber ved sidan av garden og jobbar dobbelt opp. På tide dei får betalt for jobben dei gjer.

NRK-lyttar
Traktor ved E39 i Førde.

FØRDE: I ettermiddag vil bybilete bli prega av langt meir enn denne traktoren.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi tykkjer ikkje at vi valde ei særskilt hard aksjonsform. Det hardaste vi kan gjere er å slutte å produsere mat, og det har vi i alle fall ikkje vald å gjere i dag, seier Anders Felde, leiar i Breim bondelag.

– Ingen sympati

Hos innbyggjarane får aksjonsforma blanda mottaking. Det fekk bøndene på fjellovergangen mellom Stryn og Gloppen erfare.

– Det verste var ein som kom i dag tidleg. Han skulle bak i bilen og finne noko å banke dei stom stod i vegen, seier Felde.

– Det var ikkje noko særleg. Han kasta bilen ut av vegen og opp på snøen. Det var ikkje forsvarleg på nokon måte, legg Felde til.

Bøndene har mi fulle støtte. Ein aksjon skal merkast. Heller stengd veg enn inga mjølk.

NRK-lyttar

I kommentarfeltet på NRK.no rasar debatten over aksjonsforma bøndene førebels har valt etter at dei braut landbruksoppgjeret laurdag. Medan dei fleste reaksjonar der er negative, har NRK også fått fleire tekstmeldingar som i hovudsak støttar bøndene.

Deltids mjølkebonde, 4000 timar i året, 14 dagar fri. No vil eg ha betalt for arbeidet så eg kan bli kjent med familien min igjen.

NRK-lyttar
Bøndene aksjonerer i Stryn.

STRYN: Bøndene fekk igjennom kravet om ein uttale frå Nordfjordrådet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Støtter bøndene fullt ut, men denne aksjonsformen skaper ikkje sympati, skriv romsdoel.

– Slik er det berre

Bøndenekravde 2,2 milliardar kroner, men staten opna med eit tilbod på 900 millionar kroner. Tilbodet vert skildra som eit skambod frå staten. Bøndene viser til landbruksmeldinga som vart lagt fram i vinter.

Her legg regjeringa opp til ein produksjonsauke på 20 prosent fram til 2030. Dei siste 20 åra er tal gardsbruk over halvert, medan tal årsverk i landbruket er nær halvert.

Norske bønder har vert snille i alle år. La dei få lov til å vise seg. Dei jobber hardt gjennom heile året, for luselønn. Nei til sosial dumping av bønder.

NRK-lyttar

– Vi råkar diverre tredjepart i ein slik situasjon. Beklagar, men slik er det berre, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren, om aksjonane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bøndene aksjonerer på Utvikfjellet.

STENGDE: Bøndene møtte både sinte og forståande bilistar då dei stogga trafikken over Utvikfjellet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Fekk viljen sin

Måndag morgon tok bønder i dei fem nordfjordkommunane med seg ordførarane frå kommunehusa. Aksjonen var ikkje avtala med ordførarane på førehand.

  • KVA MEINER DU OM AKSJONSFORMA TIL BØNDENE? SEI DI MEINING HER.

Ordførarane skulle likevel til eit møte i Nordfjordrådet i Stryn, og fekk skyss med bøndene. Med på turen fekk dei også krav om å stile ein uttale til landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp).

Bøndene får ikkje sympati her. Dei hånar arbeidarane sin dag 1. mai og støttar aldri opp om deira krav. Solidaritet er å gi like mykje som å ta.

NRK-lyttar

Like før klokka 11 var uttalen både godkjent av bøndene, og vedteken av Nordfjordrådet.

– Det ser litt mørkt ut for min del. Eg er ikkje sikker på kor mykje pengar Stoltenberg er villig til å legge på bordet for å få meg fri. Men ut over det det er tydeleg at alvoret i forhandlingane er større enn dei fleste er klar over, sa ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

(Artikkelen held fram under biletet)

Tre ordførarar i Nordfjord kidnappa.
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fryktar ikkje reaksjonar

På spørsmål om bøndene ikkje fryktar politireaksjonar på det dei sjølve skildra som kidnappingar, svara leiar i Eid bondelag, Knut Tore Nes Hjelle:

– Det har vi ikkje frykta, men skulle det blir det så skal vi ta den straffa det skulle vere. Det viktigaste er å få fram bodskapen, seier Nes Hjelle om «kidnappingsaksjonen».

Stå på krava, synst bøndene er altfor snille. Sjå til Frankrike, og ta gjerne med norske lastebilsjåførar på aksjonen:)

NRK-lyttar