Hopp til innhold

Steinras sperrar Refvik-veg

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet fekk søndag kveld melding om eit steinras på fylkesveg 622 mellom Raudeberg og Refvik i Vågsøy.

Det var klokka 21.38 meldinga kom inn. Raset som sperrar vegen til Refvik har gått ved Raudehammaren.

Vegtrafikksentralen er varsla, og det blir sendt mannskap for å rydde opp. Det er omkøyring via Halsør og Vedvik.