Hopp til innhold

Og vinnaren er: Utkantfestivalen!

Var både publikum og juryen sin favoritt.

Både juryen og publikum var einige: Utkantfestivalen er Årets kulturidé 2012 i Sogn og Fjordane.

–Godt å bli anerkjend

– Eg har aldri vore so glad for å vinna noko, seier ein glad Njål Hansen Wilberg.

Han, Viggo Randal og Terje Steine Mjøs slapp jubelen laus då jurymedlem Laila Beathe Førde leste opp namnet til festivalen i Skjerjehamn i Gulen.

– Det som betyr mykje meir 100 000 kroner, er anerkjenninga frå folk. Det er veldig moro at det er nokon som syns Utkantfestivalen er so bra, seier Hansen Wilberg.

– Dette gir oss eit mykje betre grunnlag for å driva vidare, seier festivalsjef Viggo Randal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utkantgjengen med sjekken

SMILANDE UTKANTARRANGØRAR: Frå venstre: Festivalsjef Viggo Randal, styremedlem Njål Hansen Wilberg og eldsjel Terje Steine Mjøs.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Utkantfestivalen har i år eit budsjett på om lag 2,3 millionar kroner, men Randal trur at om ein hadde rekna med al det frivillige arbeidet, hadde det blitt over tre millionar.

– Det er litt som når kona spør om me skal på ferie. Då svarar eg at «nei, det er Utkant i år, me har ikkje tid til ferie».

Samstemt jury og publikum

Juryen si vurdering talde 50 % i kåringa, og publikum sine stemmer talde resten. Juryen var einige i kven dei meiner har den beste kulturidéen, og publikum kom faktisk fram til det same resultatet.

– Både juryen og publikum har vore samstemte, so det har vore veldig enkelt sånn sett, seier Laila Beathe Førde i juryen.

11 393 personar har vore innom NRK Sogn og Fjordane sine heimesider for å gi si stemme til det dei meiner er Årets kulturidé 2012 i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jubelen stod i taket

HOPPANDE GLADE: Terje Steine Mjøs turde ikkje stå med dei to andre då vinnaren skulle kårast, men var raskt borte å gratulerte kameratane då dei vann Årets kulturidé.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fleirtalet av publikum var heilt einige med juryen: Utkantfestivalen i Skjerjehamn i Gulen kan kalla seg Årets kulturidé 2012 i Sogn og Fjordane, samt 100 000 kroner.

I uttala frå juryen står det at «Juryen registrerer med stor glede at det aldri vart nokon usemje her; juryen sin favoritt til «årets kulturidé 2012» er nemleg òg publikum sin soleklare favoritt!»

Operagard og tango fekk også pengar

Men det var ikkje berre gjengen bak Utkantfestivalen som kunne jubla.

Åmot operagard fekk 50 000 kroner av Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane, og Jølster Tangofestival fekk 25 000 kroner.

– Det er heilt konge. No kan me realisera noko, no har me ein start. Me slepp å lura på om me torer å satsa, seier Ronny Johannsen i Jølster Tango.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jølster tangofestival

JØLSTER TANGO: frå venstre: Ronny Johannsen, Målfrid Hjellbrekke, Turid Dvergsdal, Øyvind Stavøstrand og Kari Fluge.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dei opplever at tangointeressa er på veg opp i fylket, og har fått telefonar frå heile Sogn og Fjordane om tangokurs. På spørsmålet om kva kronene skal brukast på, svarar Johannsen kontant:

– Dei skal bli brukt på ei helg med levande musikk og tangokurs.

Juryen si grunngjeving

«Juryen har i si vurdering først og fremst vektlagt originalitet og ein klår visjon i kulturidéen, i arrangement og i profil når «Årets Kultur-idé 2012» skulle kårast. (Det kunstneriske innhald har ein ikkje vurdert i denne samanheng.)

Vinnaren flaggar sin profil allereie i valet av namn; originalt, sterkt og enkelt på ein gong. Vinnaren har òg klart å fortelje ei historie gjennom konseptet sitt, som fangar sentrale kvalitetar i geografien og identiteten i fylket vårt; og vert på den måten relevant for enda fleire enn dei som har delteke på festivalen.

For dette er ikkje noko nytt arrangement, tvert imot har vinnaren etablert seg på kulturkartet, også i nasjonal målestokk. Dei har halde ein stø kurs i høve til profilen sin i dei fire åra dei har bak seg, og synt at kultur og kvalitet også finnast i distrikta.»

Laila Beathe Førde og programleiar Gro Ravnestad

JURYEN SI GRUNNGJEVING: Laila Beathe Førde les opp juryen si grunngjeving. Til høgre står programleiar Gro Ravnestad.

Foto: Sondre Dalaker / NRK