Hopp til innhold

Tek ikkje ansvar for å trekkje folk

Har musea ansvar for å trekkje besøkjande til dei mange kunstmusea? Sjølvsagt meiner Venstre-politikar, medan museumsdirektør meiner dei ikkje kan engasjere seg så sterkt i denne oppgåva.

Video Besøkstal stuper

SJÅ TV-SAK: Astruptunet vurderer å bryte med Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

– Om folk vil møte opp er deira sak, det kan ikkje vi engasjere oss så sterkt i, seier Morten Johan Svendsen til Fjordabladet.

Dei siste åra har besøkstala ved musea i Sogn og Fjordane stupt. Det skjer samtidig som resten av landet sine museum opplever at stadig fleire tek turen innom.

(Artikkelen held fram under biletet)

Morten Johan Svendsen

IKKJE VÅR OPPGÅVE: Morten Johan Svendsen meiner det ikkje er deira oppgåve å trekkje folk til musea.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

– Naturleg del av jobben

Ved opninga av Svor museum i Hornindal si sommarutstillinga søndag var det berre vel tjue personar som møtte opp. Men direktør Morten Johan Svendsen ved Sogn og Fjordane kunstmuseum meiner det ikkje er deira oppgåve å få folk til museet.

Dette fell i dårleg smak hos Venstre-politikar, Alfred Bjørlo.

– Når ein driv med museumsverksemd så er det ein naturleg del av jobben å få dette ut til folket, seier Bjørlo til NRK.no.

Overraska over utspelet

Dei fleste musea i Sogn og Fjordane slit med besøket. På tre år har besøkstala krympa frå 120.000 til knappe 102.000 personar. Dette skjer medan museums-Norge elles seglar i medvind.

Bjørlo er blant dei som har late seg provosere av at museumsdirektøren meiner det ikkje er deira oppgåve å få mest mogleg besøkjande til musea.

– Kunst og kultur har ein eigen verdi i høgste grad. Eg legg til grunn at dei som driv med museumsverksemd må jobbe for å få interesse rundt dette.

– Det overraska meg stort det eg høyrer frå direktøren for kunstmusea, seier Bjørlo.

– Ikkje berre Tone Damli

Svendsen sjølv vil ikkje la seg intervjue av NRK om saka. Men seier at:

«Skulle vi gå for å få mykje folk, måtte vi berre lage arrangement med Tone Damli, men det er ikkje vår jobb».

Til Fjordabladet seier Svendsen at ein tidlegare har satsa på ein del skuleklassar som besøkjande til Svor museum i Hornindal. I år går denne satsinga i retning mot pensjonistlag og grupper med blinde og svaksynte.

Svendsen er direktør for Sogn og Fjordane kunstmuseum, som også inneber at han har det kunsterlige ansvaret for Eikassgalleriet, Astruptunet, Svor museet og Sogn kunstsenter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alfred Bjørlo

IKKJE GREITT: Venstre-politikar Alfred Bjørlo godtek ikkje at museumsdirektør Morten Johan Svendsen ikkje tek ansvar for å trekkje folk til musea.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Problem med registreringa

Museumsdirektør, Anne-Marie Førde, er sjef for 11 museum i fylket og er den øvste leiaren for musea i Sogn og Fjordane.

Ho meiner det er måten ein tel besøkjande på som er problemet.

– Samanlikningsgrunnlaget er ikkje heilt korrekt, og no har vi teke tak i korleis vi registrerer besøk ved kvar enkelt avdeling. Det viser seg at det er forskjellige måtar å registrere besøkjande på, og det skal vi gjere noko med, seier ho.

– Mål å få flest mogleg besøkjande

I motsetnad til Morten Johan Svendsen, som ikkje ser behovet for å dra folk til musea, meiner Anne-Marie Førde at det er eit klart mål å få fleire folk til å besøkje musea i fylket.

– Det er klart at målet vårt er å få flest mogleg besøkjande til museet, og det gjeld på alle avdelingar, seier ho.

Samtidig ser alle avdelingane altså ein nedgang i talet besøkjande, mellom anna i forhold til talet på skuleklassar som kjem.

– Dette skuldast nok ikkje berre det at musea ikkje har gode nok tilbod, men også praktiske omstende som til dømes skuleverket sin økonomiske situasjon i forhold til å sende skuleklassar på museum, seier Førde.

– Kan ikkje lukke seg inne i si eiga verd

Venstrepolitikar Alfred Bjørlo er klar på at musea får store pengebeløp frå både stat, fylkeskommune og kommunar. Då er det slett ikkje godt nok å seie at det er uviktig kor vidt folk finn vegen til musea eller ikkje.

– Musea er tradisjonsberarar i fylket vårt. Skal dei halde fram å vere det kan dei ikkje lukke seg inn i si eiga verd og seie at det er folk sitt problem dersom dei ikkje er interesserte i musea, seier Bjørlo.

– Dette er eit felles ansvar som vi har alle, og som venstrepoliitkar er eg veldig oppteken av at kunst og kultur, historia vår, skal ut til folket. Formidlingsansvaret er ein sjølvsagt integrert del av det å drive museumsverksemd.