Hopp til innhold

Mange soldatar kan ikkje gå på ski

Stadig fleire norske soldatar viser seg å vere dårlege til å gå på ski. Mange har kanskje aldri hatt ski på beina.

Soldatar på øving i Vest-Jotunheimen

FINE FORHOLD: Turen starta med flotte forhold, men soldatane har også fått oppleve korleis vêret fort snur i høgfjellet.

Foto: Forsvaret

Rundt 50 norske soldatar er nett no på øving i høgfjellet i Vest-Jotunheimen. Men sjølv om underlaget er snø er det ikkje med ski på beina. Skiferdigheitene blant norske soldatar er nemleg så varierande at dei har droppa dette utstyret.

– På denne øvinga har vi valt å bruke truger. Då er det lettare for alle å flytte seg i nokolunde same tempoet, seier Karl Benny Håkegård, som er øvingsleiar og idrettsoffiser.

Soldatar på truger i Jotunheimen

PÅ TRUGER: Soldatane på øvingar i Vest-Jotunheimen går på truger, ikkje på ski.

Foto: Forsvaret

– Dei svakaste styrer tempoet

Det er i samband med faget «Kropp, bevegelse og energi» at soldatane no er samla i høgfjellet. Her går teori og praksis hand i hand, og eit viktig mål er at soldatane skal lære meir om korleis dei skal klare seg i til dels tøffe vêrforhold. Samtidig er det om å gjere å inspirere soldatane til å vere fysisk aktive.

Håkegård seier at den fysiske forma til norske soldatar ikkje er som den ein gong var.

– Forma har nok blitt dårlegare. Når vi er på slike turar er det dei svakaste som må styre tempoet, seier Håkegård.

Tre av ti klarer det ikkje

Med mykje snø liggjande att i fjellet er det perfekte forhold for turar med ski på beina. Men mange soldatar er altså så dårlege på ski at Forsvaret på denne turen har valt å bruke truger.

– Det er mange som aldri har hatt ski på beina, eller kanskje har dei berre gått på ski eit par gonger i løpet av livet, seier Håkegård, som har registrert at talet på soldatar som ikkje meistrar å gå på ski har blitt større dei siste åra.

Han seier det er vanskeleg å ha noko konkret statistikk på kor mange soldatar som ikkje meistrar kunsten å ta seg fram på ski, men seier at dei over fleire år har sett ein negativ trend.

– Ser ein på eit lag beståande av åtte stykker, så er det kanskje tre-fire av desse som er forholdsvis dårlege på ski. Då tar det lang tid når vi skal flytte på oss med ski på beina, seier idrettsoffiseren, som trur minst tre av ti soldatar har vanskar med å stå på ski.

(Artikkelen held fram under videoen).

Håpar å freiste soldatane ut i fjellet

Video Soldatar på øving i vinterstorm

DÅRLEG VÊR: Sjølv om soldatane måtte tole også styggevêr i fjellet, har nesten alle lyst på meir. Det fortel idrettsoffiser Karl Benny Håkegård som er ansvarleg for øvinga.

I løpet av dagane på fjellet har soldatane opplevd både fint og dårleg vêr. Idrettsoffiser Karl Benny Håkegård seier det er viktig for dei å gje soldatane positive opplevingar. På turen har dei overnatta i telt.

– Kanskje får dei vere med på noko dei aldri har opplevd før. Vi håpar også at vi kan inspirere dei til å oppsøke fjell og friluftsliv meir, seier Håkegård.

Sjølv om enkelte har opplevd turen som slitsam og krevjande er det likevel berre ein liten del som har fått avsmak på livet ute i fjellet vinterstid.

– Tre fjerdedelar av dei som er med vil meir på fjelltur. Dei opplever naturen som mektig og flott, seier Håkegård.

– Betenkeleg

Svein Roald Hansen (Ap) er første nestleiar i Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, og han meiner Forsvaret må gjere noko dersom skidugleiken er så dårleg.

– Det er betenkeleg dersom det å gå på ski ikkje lenger er ein del av oppveksten. Dette inneber at Forsvaret må legge meir vekt på å lære opp soldatane også på dette området, på same måten som dei må lære dei å skyte.

Svein Roald Hansen

BETENKT: Første nestleiar Svein Roald Hansen i Utanriks- og forsvarskomiteen.

Foto: Su Thet Mon / NRK