Hopp til innhold

Krev at det blir skote meir jerv

Det er umogleg å drive beitenæring dersom det ikkje blir gjort noko med jervebestanden. Det seier fylkesleiaren i bondelaget som krev at det blir skote meir jerv i Sogn og Fjordane.

Ung jervehann avliva i Luster

AVLIVA: Denne unge jervehannen er blant dei fem jervane som er avliva i indre Sogn i vår.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

Både sporregistreringar og DNA-analysar viser at det er større jerveaktivitet i indre Sogn enn tidlegare.

Sjølv om det til no i vinter er teke ut seks jervar i Sogn og Fjordane, meiner fylkesleiar i Bondelaget, Per Hilleren, at det må takast ut minst to til i området indre Sogn.

– Med bakgrunn i dei tala vi har som seier at dei er meir jerv enn tidlegare, så meiner vi at det må takast ut fleire jervar, seier Hilleren til NRK.no.

Vil ta ut minst to jervar til

Dei siste månadene har Statens Naturoppsyn tatt tre vaksne jervar og to kvelpar i Indre Sogn. I tillegg er det tatt ei tispe så lang vest som i Førde/Gaular området i Sunnfjord.

Men Hilleren seier DNA analyser og sporregistreringar syner at det er framleis finst fleire jervar i Sogn.

– Ut frå registreringane meiner vi det burde takast ut ein sju-åtte dyr, gjerne fleire. Det er iallfall potensial til det, seier Hilleren.

I tillegg til at det er dokumentert ynglingar like over grensa i Skjåk kommune. Bondelagsleiaren krev at minst ein av desse blir avliva.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Hilleren

UROA: Per Hilleren meiner det er heilt nødvendig at det blir teke ut meir jerv i indre Sogn dersom bøndene skal drive med beitenæring.

Foto: Eline Buvarp Aardal / NRK

– Nødvendig for bøndene

Hilleren er uroa for beitesesongen som bøndene snart går inn i, og seier det er vanskeleg å drive med husdyr når situasjonen er slik den er.

– Vi er ei eit område som skal vere beiteprioritert. Men det går ikkje an å drive med beitenæring når jervebestanden får utvikle seg slik den har gjort det siste året i dette området, seier Hilleren.

I eit brev som er sendt til Direktoratet for Naturforvaltning krev Hilleren og leiarane for sankelaga i Skjolden, Jostedalen og Hafslo, at styresmaktene opnar for ytterlegare ekstraordinære uttak av jerv i Sogn og Fjordane.