Hopp til innhold

Fryktar for teleberedskapen

Under romjulsorkanen Dagmar vart mange heilt avhengige av fasttelefonen. Om fasttelefonettet no forsvinn kan teleberedskapen stå i fare, meiner beredskapssjef.

Telesambandet nede på tredje døgnet etter Dagmar

VIKTIG: Mange stader var mobilnettet nede i både dagar og veker. At folk då kunne ringe med fasttelefon var viktig for beredskapen.

Foto: Montasje / NRK

Telenor vurderer å kutte ut fasttelefoninettet i grisgrende strok fordi utgiftene med å halde dette nettet i drift blir for store. Men å gjere dette kan kome til å gå ut over teleberedskapen, meiner fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand.

Fjordfylket vart hardt råka av uvêret i romjula i fjor, der mange var dagevis utan telefon. Medan det nokre stader var mogleg å nytte mobiltelefon, men ikkje fasttelefon, var det andre stader berre mogleg å kontakte omverda med fasttelefon.

Eit klart bevis på at fasttelefoninettet kan vere viktig, meiner Stensvand.

– Erfaringane viste jo at det at det ein har fleire telefonsystem, system som er uavhengige av kvarandre og som utfyller kvarandre, er viktig for beredskapen.

– Teknologien er ikkje robust nok

Fylkesberedskapsjefen i Sogn og Fjordane er overraska over nyhenda om at Telenor vurderer å kutte ut fasttelefoninettet i grisgrende strok.

Romjulsorkanen Dagmar førte til at store delar av telenettet forsvann i to fylke på Vestlandet. Mange opplevde at medan mobiltelefonen ikkje fungerte, virka fastnettet og omvendt.

Stensvand er derfor usikker på om Telenor har god nok teknologi til å sikre beredskapen om fastnettet forsvinn.

– Vår ferske erfaring frå 2011 var jo at teknologien er robust nok, seier Stensvand til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øydelagde telelinjer etter uvêret "Dagmar"

KLEMSTRA: Desse telelinjene i Årdal i Gloppen var rett og slett skviste av fleire tre etter at uvêret Dagmar herja i romjula.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Vil kutte i samarbeid med kommunane

Bruken av fasttelefoni hos privatkundar går ned med 100 000 abonnentar kvart år. Når delar av nettet i tillegg bør oppgraderast gjer det at Telenor vurderer om det er verd kostnaden i område med få kundar i distrikta.

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge

VIL TA OMSYN: Dekningsdirektør Bjørn Amundsen lovar at dei skal ta omsyn til beredskapen dersom dei kuttar i fasttelefonien.

Foto: Telenor

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen seier at dei likevel vil ta omsyn til beredskapen.

– Frå vår side er dette berre eit signal om at vi ser at vi i mange kommunar i dag har større utgifter enn inntekter med fastnettet.

– Debatten, også i forhold til om mobil er eit naudnett eller ikkje, må vi ta, seier Amundsen.

Han understrekar at dei ikkje vil kutte fasttelefoninettet utan at dei har hatt eit tett samarbeid med kommunane som dette gjeld.

– Kan ikkje berre handle om lønsemd

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand på si side seier at det framleis er tidleg å gjere seg opp ei endeleg meining om korleis beredskapen blir, dersom Telenor gjennomfører det dei varslar.

Han meiner derfor dette er ei sak som beredskapstyresmaktene bør følgje nøye med på.

– Det bør ikkje vere slik at dette berre handlar om kva som løner seg eller ikkje, men også kva som er med å skape den nødvendige tryggleiken i samfunnet.