Hopp til innhold

– Dette er skremmande, islamofobe haldningar

Fylkestingsmedlem Rita Navarsete frå Frp spreier artiklar frå den kontroversielle anti-islamske organisasjonen SIAN på nettet. – Skremmande, seier forskar Lars Gule ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

Skjermdump frå Facebook
Foto: skjermdump frå Facebook

– Det er skremmande at ein politikar spreier denne typen islamhat. Det burde ringe alarmklokker når ein les den type artiklar som blir formidla på SIAN sine heimesider, seier Gule.

Det er ein artikkel på nettstaden til stopp islamiseringen av Norge – SIAN som Frp-politikaren har spreidd vidare. Artikkelen hevdar at Islam er i strid med norsk lov, og religionen blir kalla politisk ondskap og ein fråstøytande ideologi.

– Skremmande, islamofobe handlingar

Lars Gule

SKREMT: Forskar Lars Gule ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

I desse dagar er heile nasjonen skaka over det Anders Behring Breivik forfektar i Oslo tingrett. Framstegspartiet har brukt mykje tid det siste året på ta avstand frå den typen islamhat.

Men samstundes spreier fylkestingsmedlem for Frp i Sogn og Fjordane, Rita Navarsete, innhald frå den anti-islamske nettstaden på Facebook.

– Det syns eg er mildt sagt ubetenksomt. Skulle det vera slik at dette er meiningar og idear som ho deler, då er dette skremmande, islamofobe haldningar. Det er yttarst beklageleg at dette er meiningar me finn i eit seriøst politisk parti, seier Gule.

Skjermdump frå Facebook
Foto: skjermdump frå Facebook

– Støttar deler av det

Rita Navarsete

FRP-POLITIKAR: Rita Navarsete

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Navarsete har også delt ein kontroversiell artikkel på ein annan nettstad om korleis vi er i ein konflikt med islam som vil ende opp i tredje verdskrig. Ho vedgår at lenkinga til artikkelen frå SIAN var ein tabbe

– Dette var ikkje greitt, og det er sterkt beklageleg. Det kjem ikkje til å skje på nytt. Eg støttar ikkje den organisasjonen i det heile. Det var eit svakt augeblikk, og det kjem ikkje til å skje fleire gonger.

Men ho forklarar ho spreidde innhaldet fordi ho er einig i delar av det SIAN står for i sin kritikk av korleis det norske samfunnet let seg påverke av islam.

– Me må alltid ta omsyn til dei, me får ikkje bruka religionen vår slik som me vil, me får ikkje synga Fader vår, me får ikkje ha grisar på veggane på sjukehusa, me tek heile tida omsyn til den kulturen og ikkje vår eigen, seier Navarsete.

– Ei hatgruppe

NRK har også snakka med journalist Øyvind Strømmen som er rekna som ein av dei fremste kjennarane av høgreekstrememiljø. Han seier SIAN spreier muslimhat.
Også redaksjonsleiar Tor Bach i vepsen, om driv gravejournalistikk på denne typen miljø, seier dei spreier hat.

– SIAN er ei hatgruppe retta mot muslimar.

Leiar i SIAN, Arne Tumyr nektar for at dei er er ei hatgruppe. Derimot ynskjer dei å belyse det dei meiner er den undertrykkjande religionen islam.

– Naturleg å hata det systemet

Arne Tumyr

SIAN-LEIAR: Arne Tumyr

Foto: NRK

– Det er eit barbari som er utan sidestykke i vår moderne historie, og det er naturleg at me hatar, ikkje desse menneska som bur der, ikkje muslimane, men det systemet som desse menneska er nøydde til å leva under.

Men han er glad for Rita Navarsete støttar delar av innhaldet.

–Me ser på det me tilfredsheit.

Framstegspartiet på sentralt hald ville ikkje kommentere saka men viste vidare til fylkesleiar Frank Willy Djuvik. Han seier Frp ikkje støttar organisasjonar som SIAN i sin islamkamp

– Det er klart at det er enkeltelement i religionar, då tenkjer eg på ekstremistar innanfor fleire religionar, og dei ønskjer me å overvinna, men religionane i seg sjølv meiner me at skal vera likestilt.