Hopp til innhold

Bil og lastebil kolliderte i tunnel

Politi, ambulanse og redningsmannskap har rykt ut til ei trafikkulukke Røneidtunnelen i Luster.

Ulykke røneidtunnelen

SMALL I SIDA: Personbilen fekk store materielle skader i samanstøyten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ein bil og ein lastebil har støtt saman inne i Røneidtunnelen. Det er fem personar involvert, får NRK.no opplyst ved operasjonssentralen.

To personar vart sende til legesjekk, men etter det NRK forstår skal det ikkje vere snakk om større personskader. Det sat tre personar i personbilen, og det var to personar i lastebilen.

Lastebilen hadde ei asfaltmaskin på planet. Ifølgje skadestadsleiar er det for tidleg å seie om lastebilen køyrde sentrisk i tunnelen.

Lastebil i kollisjon inne i tunnel

KOLLIDERTE: Lastebilen kolliderte front mot front med ein personbil inne i Røneidtunnelen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland (MMS-foto) / NRK

Køyretøya skal ha kollidert front mot front, men dei skal ikkje ha hatt stor fart då uhellet skjedde.

– Det er store materielle skader. Bilbergar var på staden for å rydde opp, opplyser politiet.

Røneidtunnelen er omlag 600 meter lang og utan telefondekning. Tunnelen var ein periode stengd for trafikk, men var opna ved ti-tida.