Hopp til innhold

Per Egil Flo skreiv ny kontrakt

Per Egil Flo har ombestemt seg og skriv kontrakt med Sogndal ut 2014.

Per Egil Flo

NYE ÅR I SOGNDAL: Per Egil Flo har ombestemt seg og vil likevel halde fram i Sogndal.

Foto: Sander Heggheim

Forsvarsspelaren har tidlegare takka nei til klubben sine kontraktsforslag.

– Vi har hatt ein dialog gåande med Per Egil og rådgjevarane hans om ei forlenging med Sogndal. Der har Per Egil vore litt tilbakehalden fordi han har vore her nokre år no og vil kome seg vidare. Det var eigentleg sikta inn mot overgangsvindauget i mars. Då det ikkje vart noko der, så har vi jobba vidare. I dag kom Per Egil oss i møte, seier sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo.

Ville komme seg vidare

Per Egil Flo kom til Sogndal frå Stryn som 15-åring i 2005. Før årets sesong varsla han at han meinte tida var inne for å kome seg vidare og ville ikkje skrive under ny kontrakt med klubben.

Den gamle kontrakten hans gjekk ut etter sesongen 2012. Under eit prøvespel for Vålerenga i vinter vart han skadd, og er framleis ikkje tilbake på bana.

– Fokuset til både oss og Per Egil no er at han skal bli spelefrisk att så fort som mogleg. Eg er ingen medisinar, men han har nett vore til behandling og vi avventar resutlatet av den. Det kan ta nokre veker, men vi håpar at det skal ordne seg så fort som råd, seier Flo.

Furebotn har ikkje skrive ny

Samtidig som Flo varsla ein annan av Sogndal sine unge veteranar, Henrik Furebotn, at heller ikkje han ville skrive ny kontrakt. Han har ikkje endra meining, seier Håvard Flo.

– Vi får sjå. Vi skal halde dialogen i gang med han og, seier han.