Hopp til innhold

SFE trur ikkje på kjølsdalingane

Trass i at heile bygda hevdar noko anna, nektar SFE (Sogn og Fjordane Energi) for at straumen i Kjølsdalen i Eid forsvann under orkanen Dagmar første juledag.

"Dagmar" sine herjingar i Eid

FEKK HUSET RASET: Øystein Leite er ein av kjølsdalingene som var straumlause. Verre var det at vinden tok bustadhuset som var under oppføring.

Foto: NRK/Heidi Lise Bakke

Kundar i Kjølsdalen som har søkt kompensasjon har i staden fått beskjed om at straumen i staden vart borte ut på dagen andre juledag, og dei får dermed mindre pengar enn dei kan ha krav på.

Lars Frode Humborstad er ein av fleire oppgitte straumkundar i bygda. SFE vedgår at dei kan ha gjort ein feil, men at det ikkje er med vilje.

– Både heit og forbanna

– Eg vart både heit og litt forbanna, dessverre.

Han er ein av fleire i Kjølsdalen som ristar på hovudet av Sogn og Fjordane Energi. Under orkanen Dagmar første juledag opplevde han sjølv at straumen forsvann ut på kvelden slik som den gjorde i heile Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet).

Lars Frode Humborstad

OPPGITT: Lars Frode Humborstad.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Ja, det er det ikkje noko tvil om, for eg skulle styre fjøsen til bror min, og då fôr straumen jamnt frå klokka 18 og utover. Den kom og gjekk i eitt sett, så det var berre ei plage.

Søkte om 1400, fekk 600

Men då Lars Frode Humborstad som mange andre søkte om kompensasjon var svaret at bygda hadde hatt straum heilt fram til ettermiddagen andre juledag, stikk i strid med det folk i bygda erfarte. Dermed vart også kompensasjonen nedjustert frå 1400 til 600 kroner.

– Det var eigentleg eit dårleg svar, eg føler at SFE her prøver seg på å kompensere alle med 600 kroner uansett kor lenge straumen var vekke.

NRK har snakka med eit titals personar i Kjølsdalen som alle er mildt sagt forundra. Hundrevis av menneske hugsa vel at straumen forsvann då orkanen braka laust, men SFE hevdar altså noko anna.

– Ikkje rart folk blir forbanna

Jan Eide er ein av dei som sperra augene opp då han såg på sin faktura at eit straumlaust døger var blitt vekke.

– Dette synest eg er for gale. Dei burde ha teke kontakt med meg og spurt, men det verste av alt er at det ser ut til å vere standard med minus 600 kroner på mange. Det er ikkje rart at folk blir forbanna.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jan Eide

- FOR GALE: Jan Eide.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Gjer ikkje feil med vilje


Nettsjef Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energi seier verksemda har fått inn mellom 6000 og 7000 søknader om kompensasjon etter Dagmar. Han kan ikkje kommentere enkeltsaker spesielt, men er open for at selskapet har teke feil og at dei då vil rydde opp.

– Eg kan forsikre om at vi ikkje gjer feil med vilje. Vi vil at ting skal vere rett, men med så mykje på så kort så kan vi gjer feil. Men det er ikkje tilsikta.

Aase seier SFE har fått inn nokre få klager på manglande kompensasjon, han seier SFE har full kontroll på nedetid på høgspentnettet, men at det lokalt i lågspentnettet er vanskelegare å fange opp kor tid straumen forsvann og at dette kan vere ei forklaring.

– Men vi skal sjølvsagt ordne opp i alt saman.

Lars Frode Humborstad håpar selskapet gjer opp for seg, men meiner det burde vere unødvendig å måtte klage på behandlinga, og han fryktar at enkelte berre gir opp.

– Eg har sendt inn svar ein gong, og det burde halde. Dette burde ikkje vere noko stort problem i det heile.