Hopp til innhold

Dokumentarfilm om keisar Wilhelm II blir send 1. mai

Balestrendingen Ingrid Ese sin dokumentarfilm «Fotografen og Keisaren» som handlar om keisar Wilhelm II og turane hans til Balestrand, vert send på NRK 1 1. mai kl. 20.00.

Video Arkivskatt blir til dokumentarfilm

Arkivskatt blir til dokumentarfilm

– Dette er utruleg kjekt. Når ein har jobba så mykje med noko som det eg har med denne filmen, så er det utruleg kjekt å få vise det for heile landet, seier Ingrid Ese.

Ho ønskte å ha NRK med på laget då ho skulle lage filmen, men den gong fekk ho ikkje draghjelp.

– Difor hadde eg ingen forhåpningar då eg sende inn den ferdige filmen til NRK. Stor var forundringa då eg vart oppringt førre veke og dei fortalde at dei ville setje han opp i beste sendetid 1. mai, seier Ese.

– Keisartida har prega Balestrand

Ho er opphavleg frå Balestrand, men bur på Lillehammer der ho driv eit filmselskap i lag med mannen sin.

Ingrid Ese

REGISSØR: Ingrid Ese er spent på korleis folk tek i mot filmen hennar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Tyske keisar Wilhelm II var ein flittig gjest i Balestrand frå 1920 til krigsutbrotet i 1914. Desse turane vart dokumenterte av ei ung bergensjente som hadde fotoapparat.

Det er desse bileta Ese har gjort om til film.

– Folk i Balestrand har alltid vore opptekne av keisartida. Dette var ein monumental del av historia til Balestrand, seier Ese.

Bergensjenta kom tett på keisarfølgjet

Keisaren likte seg så godt i Balestrand at han kom dit kvar sommar.

Den unge bergensjenta Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran var amatørfotograf på same tid som Keiser Wilhelm II ferierte med pomp og prakt i bygda Balestrand like før 1. verdskrig.

Tilfeldigheitene ville det slik at ungjenta blei forelska i ein av offiserane om bord på keisarskipet. Ho kom dermed tett innpå keisaren og følgjet hans.

Bileta til Magdalene er unike og dokumenterer det litt absurde som skjer når ein verdsherskar gjer sitt inntog blant smålåtne bygdefolk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran

TOK BILETE: Den unge jenta Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran fekk innpass hos keisaren og hoffet hans.

Foto: Privat

Har måtte velje vekk mykje

Albuma til Magdalene var lenge gløymde inntil dei blei oppdaga på eit loft på Lillehammer. Albumet skjulte skattar ikkje så mange kjende frå før. Ingrid Ese fekk bileta av ein kollega.

– Plutseleg sat eg der med fem album som var stappfulle av sydande historie. Eg har måtte velje vekk mykje, men eg er godt nøgd med produktet. Det har vore viktig for meg at bileta måtte få leve og fortelje historia, seier Ese.

Ho les sjølv kommentarane i filmen. Sjølv om filmen har hatt premiereframsyning i Balestrand, er ho spent på tilbakemeldingane.

– Klart eg er spent. Eg lever jo av at andre skal like det eg gjer. Så eg er spent på om historia fell i smak, seier Ese.