Hopp til innhold

Brøytebilen måtte dra laus buss på Strynefjellet

Medan store delar av landet kosar seg i vårsola, stod 40 småbilar og ein ekspressbuss bom fast i ei snøfonn på riksveg 15 på Strynefjellet.

Brøytebil på Strynefjellet

DROG OG DROG: Brøytebilen måtte retteleg ta i for å få bussen gjennom skavelen. Til høgre Svein Sindre.

Foto: NRK-tipsar / NRK

i 13-tida klarte brøytebilen å dra laus både leiarbil og ekspressbuss. Då hadde bussen og minst 40 bilar stått i kø i over to timar, fordi leiarbilen køyrde seg fast i ei snøfonn.

Leiarbilen som skulle køyre over kolonnen med ekspressbussen 10.30, køyrde seg nemleg beint fast i ei snøfonn ved Oppljostunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet på grensa mellom Sogn og Fjordane og Oppland.

– Det var kolonnekøyring som det brukar å vere, med ein ganske lang kolonne. Alt gjekk greitt heilt til vi kom ut i Breidalen. Der var det tett snødrev og brått stod leiarbilen bom fast, seier Svein Sindre.

Stryningen gjekk på bussen i Stryn for å ta den austover til Lillehammer, men har site fast sidan 10.45. Klokka 12.30 stod bussen og kolonnen framleis fast.

– Bussen hadde ikkje slepetau og det hadde ikkje leiarbilen heller. Og det verka ikkje som om nokon av dei som stod fast i kolonnen hadde med seg slepetau heller, seier Sindre.

Bussen klarte ikkje dra laus leiarbilen

Etter nitid leiting vart det til slutt funne eit tau, men heller ikkje det nytta.

– Bussen klarte rett og slett ikkje å dra laus leiarbilen, dermed er vi like langt, seier Sindre.

Han tippar det var mellom 30 og 40 småbilar i kolonnen bak bussen.

– Dei har ringt etter brøytebil. No i 12.30-tida har vi fått beskjed om at brøytebilen kjem austfrå for å brøyte oss ut, seier Sindre.

Er kritisk til brøytinga

Sindre meiner dette er ein unødvendig situasjon.

– Dette er dårleg. Det har vore tett snødrev her ganske lenge, og då følgjebilen, som er ein Passat, kom ut av tunnelen, så såg han ingen verdas ting. Han står midt i vegen framfor bussen og vi kjem ingen stad, seier Sindre.

Han er kritisk til brøyteberedskapen.

– Dei burde ha såpass oversikt at dei visste at det var behov for brøyting her. Eg høyrde at leiarbilsjåføren sa til bussjåføren at han lurer på korleis småbilane med sommardekk skal klare seg over fjellet, seier Sindre.

Det er 10–12 passasjerar på bussen, og dei fleste tek det med fatning.

– Står ein fast så står ein fast, seier Sindre.

Fjellet var ei stund stengd for snørydding.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.