Hopp til innhold

«Leig ein sau» - følg den på nettet

Håvar Fagerli går nye vegar for å bevara kulturlandskapet. Hos han kan du «leige ein sau» – og følgja korleis det står til sauen på internett.

Denne kan du leige
Foto: Håvar Fagerli

– Eg likar å ta bilete, likar å skriva og eg likar sau. Då var dette ein artig måte å kombinera dette på. Og bak alt dette ligg ein tanke om å bevara kulturlandskapet, seier Fagerli.

GPS og webkamera

Håvar Fagerli

BONDEN SJØLV: Håvar Fagerli

Foto: sauen.no

– Når ein leiger ein sau, so kan ein fylgja sauen på nettet. Ein kan få oppdateringar, videoar og bilete frå din eigen sau, seier Fagerli.

På heimesida hans – eller rettare sagt: på heimesida til sauene – kan ein fylgja livet til saueflokken, der det kjem små og store oppdateringar frå livet til ein gamalnorsk fjellsau.

– Eg har planar om å installera GPS-sendarar i sauebjøllene, og plassera ut webkamera. Då kan dei som leiger ein sau følgja nettopp sauen sin i det daglege, i tillegg til videosnuttane, bileta og utsegna frå sauene.

– Eg håpar dette kan gjera at fleire vil bidra til å ta vare på kulturlandskapet, noko som desse sauene gjer.

Eigen kommunikasjonssau

Heimesida er nemleg noko for seg sjølv. All teksten blir signert sauene, då spesielt tillitssau Berta eller kommunikasjonssau Solsikke.

«– Vi er sett til ei viktig oppgåve: Kampen mot gjengroing, og arbeide for å opne flotte kulturlandskap. Målet vårt er å arbeide oss tilbake nokre tiår, slik som vi ser på det gamle flyfotoet av garden, seier tillitssau Berta.»

(Artikkelen held fram under biletet)

Berta

TILLITSSAU: Alle saueflokkar må ha ein tillitssau. I denne er det Berta.

Foto: Håvar Fagerli

– Eg er veldig glad i sauer, og det vil eg dela med andre også. Dette kan vera ein fin måte å få litt positiv omtale om sauen på: det å skriva slik om dei. Og sjølvsagt håpar eg at det vil bidra til at folk blir meir bevisste om kulturlandskapet.

Kulturlandskapet forsvinn

Fagerli bur på øya Barmen i Selje kommune. Garden ligg på Fjellet, og er ein av få gardar i området som framleis har sau.

– Det er ein gamal gard med eit fantastisk kulturlandskap rundt, og eg vil gjerne ha det tilbake slik det var før. Då tenkte eg at kanskje nokon andre ville vera med å bidra til å halda kulturlandskapet ved like.

(Artikkelen held fram under biletet)

Garden på Fjellet

GARDEN: Her bur dei nettfrelste sauene.

Foto: Håvar Fagerli

For beitedyra i Noreg blir færre og færre. Berre på Vestlandet har talet på beitedyr gått ned med heile 40 000 sidan 2002. Og landskapet gror att.

– Det må gjerast ein dugnad over heile landet for å bevara kulturlandskapet vårt. Og der er sauer og geiter ein fantastisk reiskap. Me klarar ikkje å ta vare på det, men sauen gjer det heilt perfekt, ikkje ein gong ein liten grasflekk blir oversett.

– Eg føler det er vår generasjon si plikt å halda ved like dei områda forfedrane våre gjorde til. Turistnæringa vil slita om kulturlandskapet gror att, men nettopp det kan sauer og geiter hindra.

Vil læra vekk til barnehagar

Fagerli er lærar, og håpar at nettstaden til sauene hans også kan brukast til å læra vekk litt om gardslivet i Noreg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ledig på marknaden

LEDIG PÅ MARKNADEN: Sauen '10008' er framleis ledig på marknaden.

Foto: Håvar Fagerli

– Å laga ein nettstad der barnehagar og barneskular kan jobba med sau, er noko eg har lyst til. Då får ein fokus på gardsbruk og livet på garden. Ikkje berre dei store gardane på Austlandet, men også smågardane her på Vestlandet. For mange er dette ganske idyllisk.

– Eg ser føre meg at barnehagane og barneskulane kan leiga ein sau, og gjennom den sauen få kunnskap om både kulturlandskapet og gardslivet. Og sjølvsagt vil dei då bidra til å bevara kulturlandskapet vårt, smiler Fagerli.