Hopp til innhold

Fjerna frå byggestad nok ein gong

Tre estiske arbeidarar levde i huset dei byggjer i Sogndal. Førre månad fann verneombodet nøyaktig same forhold i Førde, og det er det same selskapet og arbeidarane som er involverte denne gongen.

Kjøken

UFERDIGE TILHØVE: Dei estiske arbeidarane har budd under uferdige og farlege tilhøve, meiner verneombod Jan-Inge Sætre.

Foto: Privat

– Dette er rein utnytting, seier regionalt verneombod i Fellesforbundet, Jan-Inge Sætre.

På ein rutinekontroll onsdag avdekka han uverdige buforhold for tre estiske bygningsarbeidarar ved Ølnes i Sogndal. Han meiner det er svært kritikkverdig.

Jan-Inge Sætre

KRITISK: Verneombod i Fellesforbundet, Jan-Inge Sætre, er svært kritisk til tilhøva som arbeidarane levde under.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var mangel på bustad for arbeidarane, som budde i det huset dei arbeider. Det fanst heller ingen HMS-dokumentasjon, og dei jobba usikra i høgda. Kommunane må byrje å tenke seg om når dei ser dette firmaet, seier han.

Det er det svenske byggselskapet Älvsbyhus som leverer arbeidet i Sogndal. For berre ein månad sidan var selskapet og dei same arbeidarane involverte i ei heilt lik sak i Førde. Då måtte dei rett ut frå byggeplassen. Sætre er svært kritisk til at dette selskapet på ny er innblanda i ei slik sak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Butilhøve

IKKJE SKIKKELEGE TILHØVE: Selskapet Älvsbyhus har ikkje skaffa til rette forskriftsmessig bustad til sine arbeidarar.

Foto: Privat

– Dei drit i det norske regelverket, rett og slett. Dette må skape reaksjonar på landsplan. Både me i Fellesforbundet og Arbeidstilsynet vil ta tak i dette, og Arbeidstilsynet var her raskt etter min kontroll, seier verneombodet.

– Kan vente gebyr og dagsbøter

Sogndal kommune var på byggestaden i Ølnes og seier det kan få konsekvensar.

– Me fekk melding om dette onsdag føremiddag, og reagerte med ein gong. Me har sendt både grunneigar og Älvsbyhus beskjed, men har ikkje fått svar enno. Arbeidarane sa dei hadde fått beskjed av Älvsbyhus om at dette var lovleg, seier Svein Ålhus i Sogndal kommune.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjøken

PROVISORISK KJØKEN: Selskapet Älvsbyhus, som hyrer arbeidarane i Sogndal, er det same selskapet som vart åtvara for berre ein månad sidan for same tilhøve i Førde.

Foto: Privat

Han seier selskapet kan vente gebyr og mulkt dersom ikkje noko vert gjort.

– Alvorsgraden i denne saka kan medføre gebyr på 25.000 kroner og dagbøter på 2500 kroner, seier Ålhus.

Älvsbyhus beklagar tilhøva

– Dette er forhold me beklagar. Me vil framstå som ein seriøs aktør, og me stiller oss imot sosial dumping på alle nivå. Me har ikkje til formål å gjere ting som går imot lover og forskrifter, seier dagleg leiar i Älvsbyhus, Ruben Vea.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bad

INGEN BUSTAD: Badet dei nytta var ikkje ferdig bygga.

Foto: Privat

Han forklarer at dei har svært mange byggestader å halde kontrollen med i heile Norden, og at det vil vere vanskeleg å forsikre seg om forskriftsmessige tilhøve ved alle. Men han er klar på at dette ikkje vil skje igjen i framtida.

Det kan eg skrive under på. Me vil avklare butilhøva med kommunane på førehand, og har til formål å fylgje alle lover, seier han.

Arbeidstilsynet stengde ned byggeplassen – no opna opp att

– Me var på staden og stengde byggeplassen onsdag. Arbeidarane kunne ikkje vise til ID-kort, noko som er obligatorisk for alle i Noreg, seier Rune Joar Ravnestad, tilsynsleiar i Arbeidstilsynet.

Rune Joar Ravnestad

KRITISK: Rune Joar Ravnestad i Arbeidstilsynet er kritisk til tilhøva på byggeplassen i Sogndal.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Til NRK.no kunne Arbeidstilsynet torsdag stadfeste at arbeidsplassen er opna att.

Full rapport er enno ikkje klar frå Arbeidstilsynet, men Ravnestad meiner situasjonen er betra frå sist selskapet var involvert i ei slik sak.

– Det er ikkje umiddelbar fare for liv og helse ved å bu der, men det er framleis ikkje slike forhold ein skal bu under på ein arbeidsstad. Det er ikkje i samsvar med arbeidsmiljølova sine krav til innkvartering, og er sjølvsagt ikkje akseptabelt, seier han, og held fram:

– Gjentakande brot på lov og forskrifter kan vere grunn til politimelding.

For å opne opp arbeidsplassen att må arbeidarane i det minste syne fram ID. Arbeidstilsynet må gjennomgå rapporten nærare før dei kan seie nøyaktig kva som skal gjerast vidare.