Hopp til innhold

Tvilar på påstandar om to bjørnar

Rovviltkontakt Einar Fortun vil korkje stadfesta eller avkrefta om det kan vera to bjørnar på ferde i Sogn.

Leiar i Jostedalen sankelag, Arne Bjørk, sa fredag at det mest truleg er snakk om to bjørnar.

Han grunngav dette med at det er funne ferske sauekadaver med svært kort mellomrom, både i Fjærland og i Jostedalen.

Men Fortun trur det kan vera mogleg for ein bjørn å ha nådd over begge stadene.

- Kadavera vi har funne tyder på at det berre er snakk om ein bjørn. Avstanden frå Fjærland til Jostedalen er sjølvsagt lang, men ikkje lengre enn at bjørnen raskt kan gå mellom stadene.