Hopp til innhold

Meiner fylkeslegen kan handsame Christina-saka

– Fylkeslege Per Stensland er ikkje ugild i handtering av klagen som er sendt mot Sogndal kommune i Christina-saka, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Per Stensland

IKKJE INHABIL: Fylkeslege Per Stensland blir vurdert som habil i saka om Christina Flåten.

Foto: Privat

Foreldra til alvorleg sjuke Christina Flåten meiner fylkeslege Per Stensland ikkje kan handtere klagen fordi han har vore familien sin fastlege i 15 år.

– Vi har gjort ei grundig vurdering, seier fylkesmann Hamre.

Anne Karin Hamre

TOK AVGJERD: Fylkesmann Anne Karin Hamre seier fylkeslegen kan behandla saka.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

17 år gamle Christina har blitt ein kasteball mellom sjukehusa og kommunen. Dei klarer ikkje å bli samde om kven som skal ta ansvaret for den svært sjuke jenta.

Fylkeslege Per Stensland har vore Christina og familien sin fastlege i 15 år. Han skal handtere klagen – der foreldra klagar på at Sogndal kommune ikkje gjev Christina eit vedig tilbod.

– Vi meiner Christina ikkje får den behandling, omsorg og oppfølging ho treng i den situasjonen ho er i, seier mor Ann Sigrid Hjellhaug.

– Ingen spesielle konfliktar

Christina Flåten

TRENG MYKJE HJELP: Foreldra til Christina Flåten kjempar for at ho skal få eit betre omsorgstilbod.

Foto: privat

Fylkesmann Anne Karin Hamre, seier dei har vurdert habiliteten, og kome fram til at Stensland kan handtere saka.

– Vi har drøfta saka om habilitet grundig både internt og i samråd med Statens helsetilsyn. Konklusjonen er at Per Stensland ikkje er inhabil.

Ho seier det ofte skal mykje til for å bli erklært inhabil.

– Då snakk om nære slektskapsforhold. Hadde han hatt spesielle konfliktar i tida han var fastlege, så hadde saka vore annleis. Men vi kan ikkje sjå at det er slike forhold.

Treng tid

Foreldra har ikkje tid å miste, og har bede om at Fylkeslegen behandlar klagen mot Sogndal kommune raskt: Men Hamre seier at dei treng tid på å handtere saka.

– Vi prioriterer alltid saker vi meiner er viktige, men vi er nøydde til å bruke den tida som krevs for å gjere ei forsvarleg behandling av denne saka, seier Hamre.