Hopp til innhold

Sogndal framleis i tabelltoppen

Berre Rosenborg, Tromsø og Strømsgodet har lagt seg inn framfor Sogndal på tabellen. Med ein poeng har Sogndal plassert seg heilt i tabelltoppen etter fem kampar.

Kenneth Udjus

SOLID: Kenneth Udjus har vist seg fram som ein solid sisteskanse så langt denne sesongen.

Foto: Alley, Ned / Scanpix

Kamp etter kamp har Sogndal denne våren henta heim poeng, og til no har dei ikkje kome tomhendte frå ein einaste møte på grasmatta. Dette har overraska mange, spesielt kanskje dei som tippa Sogndal nord og ned før sesongstart.

Etter 2-0 sigeren mot Vålerenga fredag la Sogndal seg inn som tabelltoar, og der fekk dei sole seg fram til fotballrunden var ferdig i går kveld.

Med siger over Tromsø la Rosenborg seg inn på topp med 11 poeng, medan Strømsgodset tok tre poeng frå Viking og la seg inn på tredjeplass. Tromsø som stod med ti poeng føre denne runden ligg på andreplass – og Sogndal på ein noko overraskandefjerdeplass.

– Fordel å bli tippa nord og ned

Sogndal-keeper Kenneth Udjus er blant dei som har fått litt av æra for at Sogndal har klart seg så bra, etter fem kampar har han berre plukka ballen ut av eige nett ein gong.

– Eg vil seie at det har vore ein kjempefordel for oss at vi har voret tippa nord og ned. Det er ikkje så mange som har hatt dei store forventningane til oss, seier Udjus til NRK.no.

Sjølv om han synst det er moro at til dømes Jahn Ivar «Mini» Jakobsen no har snudd frå totalslakt til begeistring over laget frå saftbygda, så ser han ingen grunn til å ta av – i alle fall ikkje enno.

– Vi må minne oss på at det er lenge til sesongen er slutt enno. I fjor hadde både Start og Sarpsborg 08 ein god start, men så gjekk det gale, seier Udjus og viser til at begge desse laga rykte ned.

Til røntgen i dag

Sisteskansen seier han og lagkameratane har valt å bruke det at dei har blitt tippa som klare nedrykkskandidatar til det positive. Udjus meiner heile laget har gjort ein framifrå jobb og gler seg til fortsetjinga.

– Det er for tidleg å heise flagget, men det er kjekt når typar som «Mini» legg seg litt flat, gliser han.

Udjus går med knekt nase etter kampen mot Vålerenga, og ska til røntgenundersøking i dag. Då blir det klart om han må spele med ansiktsmaske på treningane og kamp framover.