Hopp til innhold

Sogn og Fjordane kuppar mållaget

Janne Nygård frå Jølster er sett inn som ny nestleiar i Noregs Mållag. Etter landsmøtet vil fire av seks i styret vere frå Sogn og Fjordane.

Janne Nygård

NY NESTLEIAR: Janne Nygård frå Jølster vert sett inn som ny nestleiar i Noregs Mållag.

Foto: Odin Hørte Omdal

– Eg gler meg, og ser særleg fram til å jobbe for å sikre framtida til nynorsken i skulen, seier Nygård.

Ho kjem frå vervet som leiar av Noregs Målungdom. No skal ho vere med å leie ein organisasjon som nærast vert "kuppa" av folk frå Sogn og Fjordane.

Sveinung Rotevatn

NYTT STYREMEDLEM: Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre, er innstilt som nytt styremedlem.

Foto: Unge Venstre

Nordfjordingen Håvard Øvregård vil halde fram som leiar i eitt år til dersom landsmøtet går slik valnemnda har foreslått.

I tillegg er Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn frå Eid sett inn som nytt styremedlem, og Helga Hjetland frå Høyanger, tidlegare leiar i utdanningsforbundet, er innstilt til attval i styret.

Landsmøtet går føre seg i Oslo, helga 27. til 29. april.