Hopp til innhold

Vil gjere spektakulær klatresti i Loen endå meir spennande

Festa til ein stålwire kan du klatre nesten rett opp fjellsida på den spektakulære stien Via Ferrata i Loen. For å gjere turen enda meir spennande vil folka bak byggje ei smal bru over eit gjøl. Då treng dei di stemme.

Via Ferrata kjempar om å bli Årets Kulturide

NATUR OG KULTUR: Juryen gir Loen Active skryt for å nytte seg av det største kulturelementet som finst i fylket, nemleg naturen.

Foto: Ernst Riha

Via Ferrata Loen er ein av ti finalistar som kjempar om å bli Årets kulturidé.

– Dette er noko for alle som ønskjer seg ei litt spektakulær oppleving i fjellet, seier Erik Brendefur som er daleg leiar i Loen Active.

Det er NRK Sogn og Fjordane som saman med Sparebankstiftinga i fylket arrangerer konkurransen med ein premie på 100 000 kroner til den som stikk av med sigeren.

Ein tur utanom det vanlege

Med klatrestien som går opp mot fjellet Hoven, like bak Alexandra Hotell i Loen, ønskjer Loen Active å tilby folk ein spennande fjelltur litt utanom det vanlege. Folk må først ta seg opp til starten på stien på ein skogsveg, og deretter ein sti før dei kjem til starten på sjølve Via Ferrata.

Starten på Via Ferrata ligg på vel 440 meter over havet, og herfrå går ein festa til ein stålwire. For å kome seg til toppen må ein klatre og delvis gå rett opp fjellet til ein kjem opp til 880 m.o.h.

Der oppe blir ein møtt av ei utsikt som truleg vil trollbinde dei fleste.

– Vi håpar å lage til noko fornuftig rundt denne stien, og med den ønskjer vi å lokke både turistar og lokalbefolkning, seier Erik Brendefur.

– Her kan folk klatre opp, og få ei oppleving av meistring og nyte ei fantastisk utsikt når dei kjem til toppen.

Ein trygg veg opp fjellet

Via Ferrata i Loen kjempar om å bli Årets Kulturide

WIRE: Det er laga til ein klatresti med 850 meter wire, slik at også dei som ikkje til vanleg ville ha gått her kjem seg opp.

Foto: Ernst Riha
Erik Brendefur

FOR ALLE: Erik Brendefur er dagleg leiar i Loen Active. Stien han peikar på i fjellsida bak Alexandra Hotell skal vere tilgjengeleg for dei aller fleste.

Foto: Birger Meland / NRK

Namnet Via Ferrata kjem eigentleg frå Italia, forklarar Brendefur. Under første verdskrig bygde dei ein type jernveg over dei store toppane ein måtte over. Med steg inn i fjellet klarte ein å ta seg over fjella, utan å gjere seg skade opp dei stupbrattefjellsidene.

Sist haust vart det laga til noko liknande i fjellsida i Loen. 850 meter med stålwire er festa langs fjellryggen, slik at folk trygt kan ta seg opp langs berg og steinknausar.

– Kvifor lage dette spektakulære greiene i Loen?

– Det er sjefen på hotellet som har vore rundt og reist litt, og som har fått inspirasjonen. Difor laga vi i fjor haust ein Via Ferrata i fjellsida bak hotellet, seier Brendefur.

– Noko for «alle»

Klatrestien er klar til bruk, men blir ikkje offisielt opna før i byrjinga av mai. Brendefur er klar på at sjølv om det heile kan høyrest litt småskummelt ut, så skal turen vere noko for dei aller fleste.

– Ved startpunktet får deltakarane på seg ein sele med Y-slynge, som er festa til wiren som ligg oppover langs fjellryggen. Det blir guida turar, der tryggleiken står i høgsetet, seier Brendefur og legg til:

– Vi håpar at alle over 10 år, som er i normalt god fysisk form, skal greie denne turen.

Målet er at ruta skal bli tilgjengeleg for langt fleire enn dei som til vanleg klatrar i desse fantastiske fjella.

(Artikkelen held fram under biletet)

Via Ferrata i Loen kjempar om å bli Årets kulturide

SPEKTAKULÆR: Får Loen Active 100 000 kroner som Årets Kulturidé vil dei bruke pengane på ei smal bru over eit djupt gjøl. Allereie kan folk nyte den fantastiske utsikta ned mot Loen og indre Nordfjord.

Foto: Ernst Riha

Vil byggje bru

Loen Active og Erik Brendefur seier dei meiner idrett og kultur høyrer saman, og at dei difor har valt å søkje om middel gjennom Årets kulturidé.

– Vi meiner Via Ferrata kan vere eit kulturtilbod i det flotte kulturlandskapet vi har her i Nordfjord, seier Brendefur.

Dei 100 000 kronene vil dei bruke til å byggje ut den spektakulære turstien, med ein kanskje endå meir spennande element. Ei bru som skal gå over eit djupt gjøl.

– Pengane skal brukast til å byggje eit bru over eit gjøl. Brua vil kanskje vere mellom 100 og 120 meter lang, men berre 30 centimeter brei, seier Brendefur.

Med andre ord, ei bru som ikkje alle vil kjenner seg kalla til å trippe over.

– Dette blir ei utfordring for dei som torer å gå over brua, smiler Brendefur.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vurderer søknadane til "Årets kulturidé".
Foto: Oddleif Løset / NRK

Juryen: – Tek i bruk det største kulturelementet

Juryen i årets kulturidé er leia av Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga. I tillegg er musikar Laila Beate Førde med og leiar for distriktssenteret i Sogndal, Steinar Fredheim.

Dei er alle samde om at ideen er veldig spennande, og noko fleire av dei gjerne ville ha prøvd.

– Potensial ligg i det at dei nyttar seg at det Loen allereie er kjent for, nemleg naturen, og med den skapar endå fleire moglegheiter, blir det sagt.

– Her tek dei bruk det største kulturelementet vi har i Sogn og Fjordane, nemleg naturen, legg Førde til.

Vil satse

Juryen er samtidig klare på at det er ein del utfordringar knytt til denne ideen. Sjølv om det ikkje automatisk er problematisk at ideen er bygd på næringsinteresser er dei opptekne av at pengane blir nytta til å byggje opp eit kulturtilbod. Dei vil ikkje gje pengane til ein idé, der pengane går rett i lomma på privatpersonar.

Erik Brendefur i Loen Active seier selskapet er meint å vere eit aktivitetsselskap, der hovudaktitivetet skal vere nettopp Via Ferrata.

– Pengane skal brukast til Via Ferrata. Vi ser på dette som ei utvikling av lokalsamfunnet i form av aktivitetar og opplevingar, seier Brendefur.