Hopp til innhold

– Eg trur ikkje mange tenkjer på at dette er kulturminne

Folk i Sogn og Fjordane hadde eit heilt anna forhold til straumforsyninga før i tida. Denne historia er no blitt tema for årets sommarutstilling ved Nordfjord Folkemuseum på Sandane.

Direktør ved Nordfjord Folkemuseum, Aslaug Nesje Bjørlo.

DIREKTØR: Aslaug Nesje Bjørlo er direktør ved Nordfjord Folkemuseum.

Foto: Birger Meland / NRK

Det er Sogn og Fjordane Energi, NVE og Nordfjord Folkemuseum som samarbeider om utstillinga som har fått namnet «Linjer i landskapet – kraftoverføringens kulturminner».

– For oss er dette eit fint høve til å vise berebjelkane i samfunnet i dag. Og så er det absolutt kulturhistorie, og her kan vi vise kva det betyr, fortel Jannicke Lindvik, kommunikasjonsrådgjevar hos SFE.

På Sandane var det m.a. produksjon av komfyrar. Petter P. Flølo laga Flølo-komfyren , som du kan lese om i Fylkesleksikonet.

– Vanskeleg og interessant

Erling Sande, leiar i Stortinget sin Energi- og miljøkomite, opna utstillinga torsdag kveld. NVE har laga utstillinga «Linjer i landskap», medan Nordfjord Folkemuseum stiller ut gjenstandar knytt til utstillinga.

SFE laga ein ny utstillingsvegg til opninga «Krafthistorie i Sogn og Fjordane gjennom hundre år».

Jannicke Lindvik

RÅDGJEVAR: Jannicke Lindvik er kom. rådgivar ved SFE og har hatt ansvaret for den lokale krafthistoria gjennom 100 år.

Foto: Birger Meland / NRK

– Noko av det vanskelegaste var å leggje frå seg bøkene om kveldane. Det er interessant og mykje interessant at det vanskeleg å sile ut. Dette er eit greitt utval, seier Lindvik som sat med det ansvaret.

Anna haldning i dag

På museet får publikum sjå elektriske artiklar som vart nytta etter kvart som straumen fann vegen til dei ulike krinklar og krokar i Sogn og Fjordane.

For det å få elektrisiteten ut var noko av det viktigaste som skjedde for fylket, som i utstillingssamanhengen blir skildra som kraftfylket.

– Det er eit litt anna perspektiv med det å få straum i dag, kontra kva det betydde då den kom då. I dag er det ein sjølvfølgje, medan det tidlegare var dugnad for å få fram straumen, seier Lindvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ein del av minneutstillinga "Linjer i landskapet - kraftoverføringens kulturminner" på Sandane.

EIN DEL: Minneutstillinga 'Linjer i landskapet – kraftoverføringens kulturminner' er å finne på Sandane.

Foto: Birger Meland / NRK

Spekulantane meldte seg

I dag er produksjon, kjøp og sal av kraft storindustri. Peikepinnar til dette såg ein også svært tidleg her i fylket, for fossefalla fanga tidleg interessa hos spekulantane utanfrå fylket.

Allereie på 1800-talet trykte ei avis annonse frå ein oslomann som ville kjøpe kraft.

– Det var sjølvsagt pengar som var motivet. Både sleipe utlendingar og austlendingar som reiste til Sogn og Fjordane for å spekulere i fossar, ler Lindvik.

Er kulturhistorie

Hybelovn produsert ved Ryssdal Elektro kring 1920.

LOKALT: Denne hybelomnen vart produsert ved Ryssdal Elektro kring 1920.

Foto: Birger Meland / NRK

– Det er ikkje sikkert at folk tenkjer at kraftforsyning er kulturminne. Det vi i tillegg ynskjer å dra fram er kva folk tok i bruk for å bruke elektrisiteten til, legg direktør ved Nordfjord Folkemuseum, Aslaug Nesje Bjørlo, til.

Mellom mange gamle elektriske artiklar frå eiga museumssamling, har dei plukka fram lokalproduserte artiklar for å dokumentere og presentere krafthistoria.

Gamle miksmasterar, vaffelkakejarn, komfyrar og turbinar er berre noko av det som er utstilt.

Andre tider før

Også tidlegare linjemontør Jarl Standnes, og tidlegare everksjef i Gloppen, Sverre Hole, har medverka til utstillinga. I dag fører nye kraftlinetrasear til krangel.

Men så har også mengda straum på linjenettet blitt vesentleg større, spesielt med tanke på den nye kraftlina mellom Ørskog og Fardal.

Komfyr frå Eid.

EID: Denne komfyren vart produsert på Eid mellom 1915 og 1920 ved Eid Elektro Mek Verksted.

Foto: Birger Meland / NRK

– Det var ikkje like mykje krangling før, seier Hole.

Stolpe var status

– Utstyret var bra då eg kom med, men det er nok blitt mykje betre i dag, legg Standnes, som var med på å byggje stamlina frå Fardal til Giskemo.

– Før måtte ein berre stolpar til fjells. Det var ikkje like mykje maskiner om å gjere. Dei kom mykje seinare, seier Lindvik og seier haldninga til krafttilførselen var ei anna før i tida. I dag må straum fram til både hytter og hus.

– Før var det status å ha mast på eigedomen sin, seier ho.