Hopp til innhold

Historisk poeng til Sogndal på Lerkendal Stadion

Det vart eit historisk poeng til Sogndal då dei med 0-0 mot Rosenborg sikra seg sitt fyrste poeng på Lerkendal Stadion i seriesamanheng.

Kenneth Udjus

MÅLSJANSAR: Rosenborg hadde mange målsjansar i løpet av kampen, men det enda mållaust. Her er Rosenborg sin spelar John Chibuike i duell med Sogndalspelar Hannu Jarl Johannes Patronen (tv) og Sogndalkeeper Nils Kenneth Udjus.

Foto: Alley, Ned / Scanpix

For 14. gong spelte Sogndal på Lerkendal Stadion og aldri før har dei teke poeng der. Sånn sett vart det ein historisk dag for Sogndal.

– Ein barriere er broten

– Sjølv om det berre vart eitt og ikkje tre poeng så er vi godt fornøgde med det. Ein barriere er broten, seier assistenttrenar Håvard Flo.

Sjølv om Henrik Furebotn ikkje var nøgd med fyrste 20 minutta av kampen er han alt i alt glad for uavgjort og poengdeling på Lerkendal Stadion.

Henrik Furebotn

STERKT: Henrik Furebotn tykte det var sterkt av Sogndal å endeleg ta poeng på Lerkendal Stadion. (Arkivfoto)

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er alltid godt å få med seg poeng og på Lerkendal var det jo for fyrste gong. Det var sterkt, fortel Furebotn.

Sogndal som stilte til start med ein 4-4-2 formasjon vart hardt pressa av Rosenborg frå start som fekk sin fyrste målsjanse etter berre seks minutt. Rosenborg heldt presset oppe heile fyrste omgang og var heilt klart dominerande.

Måtte gjere endringar i forsvar

Med heile fem gode målsjansar i fyrste omgang burde Rosenborg klart å score minst eitt mål mot eit sogndallag som ikkje fekk det heilt til å stemme.

– Vi sleit litt i fyrste omgang. Vi spelte i ein 4-4-2 formasjon og Rosenborg gav oss nokre gode utfordringar, men vi gjorde nokre justeringar og la fem man defensivt og då fekk vi eit betre grep om kampen, seier Flo.

I starten av andre omgang tok Sogndal grep og produserte to målsjansar. Den fyrste ved Malick Mane og den andre ved Tonny Brochmann, men ingen av dei resulterte i mål.

– Vi hadde tilløp til nokre gode sjansar og innimellom er vi farlege frampå, men Rosenborg hadde fleire sjansar og dei er eit godt lag så vi skal vere nøgde med eitt poeng i dag.

– Med så mange målsjansar til Sogndal, var det eit litt svakt forsvar til Sogndal vi såg i aksjon?

– Nei, dei stod på og jobba. Dei hadde fokuset på topp og gjorde ein heroisk innsats. Dei stod framme og kjempa og gjorde ein svært god innsats, seier Flo.

Fleire spelarar ute på grunn av skade

Sogndal har framleis fleire spelarar ute med skade og søndag vart det klart at også Jasmin Mecinovic måtte stå over kampen på Lerkendal.

Håvard Flo

NØGD: Assistenttrenar Håvard Flo er godt nøgd med Sogndal og 0-0 borte mot Rosenborg.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Skadane påverka oss ikkje så mykje, sjølv om vi har spelarar ute som vi gjerne skulle hatt med. Heldigvis har vi gode erstattarar. Det syner at vi har god kvalitet også utanom dei naturleg elleve som skal starte, og det ser vi på som eit konkurransefortrinn, fortel Flo.

Ros til Udjus

Rosenborg heldt presset oppe også i andre omgang og hadde fleire målsjansar. Likevel enda kampen 0-0. Mykje takka vere ein god sogndalskeeper som har sørga for at Sogndal så langt i serien ikkje har eit einaste baklengsmål.

– Rosenborg hadde nokre gode sjansar, men Kenneth Udjus stengde buret og forsvaret vårt også gjorde også ein kjempeflott innsats. Stort sett vil eg seie at heile laget var oppofrande og stod på knallhardt, avsluttar Flo.