Hopp til innhold

Lada opp til vårsesongen med trening i ein krafttunnel

Friidrettstalent i Aurland har lada opp til ny sesong inne i eit kraftverk.

Sander Sekkingstad Terum

GODE FORHOLD: Sander Sekkingstad Terum har trent inne i kraftstasjonar i vinter. Her er han i Aurland 1 i Vassbygdi.

Foto: Olav Terum

Kraftstasjonen har lange tunnelar og store hallar der maskinane står. Her har Sander Sekkingstad Terum fått love å trene i vinter.

– Her er det bortimot optimale forhold for treninga og det har betydd mykje for meg å kunne springe her. Eg har hatt veldig bra utbytte av dette, seier han.

18-åringen har vore i landstoppen i løpsøvingar sidan han var 15 år. Han har markert seg bra i klassen 18–19 år i vinter, med gull på 800 meter og bronse på 1500 meter under ungdoms-NM på Sandnes.

Bra underlag og temperatur

Sander Sekkingstad Terum

TALENT: Sander Sekkingstad Terum gjer det bra i løpsøvingane. I vinter har han sprunge mange kilometer inne i desse tunnelane.

Foto: Olav Terum

I Aurland er det ingen friidrettshall han kan trene i, så difor har han nytta kraftverket. Inne er det bra underlag og gode temperaturar.

18-åringen har meste trena intervall i tunnelane, sjølv om han kan springe fleire kilometer her. Pappa Olav Terum er trenar for Sander og seier det har vore bra treningsøkter i vinter.

– Det er så varmt at han kan trene med shorts der. Og underlaget er asfaltert, slik at det blir bortimot optimale forhold. Alternativet er å springe ute, men det kan fort bli glatt om vinteren, seier han.

Sekkingstad Terum satsar framover på mellomdistanse 800, 1500 og 3000 meter, tillegg til 2000 og 3000 meter hinder.

Mange økter i veka

Han trenar minst to intervalløkter i veka, i tillegg til fem løpsøkter. Sidan han går siste året på idrettsfaglinja ved Sogndal vidaregåande skule, blir det mykje trening i løpet av ei veke.

– Det blir ein del timar, ja. No framover satsar eg på gode og harde økter ute, seier han.

For no er det utandørssesongen som står for tur. Målsetjinga framover er å kunne gjere det godt i alle juniormeisterskapa framover.

– Første meisterskapen eg skal delta i, er truleg eit opningsstemne på Bislett i slutten av mai, seier han.