Hopp til innhold

Lege får åtvaring frå Helsetilsynet

Kommunelege fekk åtte klager frå pasientar på fire år.

Ein kommunelege i Sogn og Fjordane har fått åtvaring frå Statens helsetilsyn. Frå 2005 til 2009 skal legen ha fått klage frå åtte pasientar.

Fylkeslege Per Stensland seier Helsetilsynet ser alvorleg på at legen ikkje kontrollerte eit to år gamalt sjukt barn som hadde feber og diaré.

– I løpet av eit langt legeliv er det fullt mogeleg å gjere ein, kanskje eit par alvorlege feilvurderingar. For det er menneskeleg å feile. Det som er spesielt her er at det er mange klager i forkant, seier Stensland.

Uvanleg med så mange saker

– Det er ikkje uvanleg at legar får åtvaringar, men det er uvanleg at ein lege har åtte slike klager. I heilt spesielle tilfelle kan legar miste løyvet til å vere lege, men det skjer sjeldan. For legar vil det vere ei stor belastning å få åtvaring, for det blir sett på som særs alvorleg, seier Stensland. Han trur dei fleste legar vil ta det tungt inn over seg og prøve å forbetre praksisen sin.

Statens helsetilsyn skriv i si tilsynsmelding for 2011 at 24 helsepersonell vart fråtekne autorisasjonen sin på landsbasis, men ingen i Sogn og Fjordane. 59 legar rundt om i landet fekk åtvaring, to av desse i Sogn og Fjordane.

– Å få åtvaring er ein alvorleg reaksjon i vårt system. Helsetilsynet har vurdert alle sakene, og det er spesielt saka med dette barnet som gjer at dei har gjeve lege åtvaring, seier Stensland. Fylkeslegen som tok imot klagene sende saka vidare til Statens helsetilsyn for ei endeleg avgjersle.

Fylkeslegen vurderer om legen har oppført seg medisinsk forsvarleg eller ikkje, og i alvorlege tilfelle blir sakene sendt til Statens helsetilsyn, som vurderer om legen skal få åtvaring.