Hopp til innhold

– Martin hater å tape i brettspel og blir sur når det skjer

Langt frå Stortinget og rikspolitikken, finn Martin Kolberg påskeroen i Askvoll.

Aud-Harriet Hertzberg Ask og Martin Kolberg

PÅ PÅSKEFERIE: Aud-Harriet Hertzberg Ask Kolberg og Martin Kolberg er i Sunnfjord i påska.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Medan andre kjendisar som forfattar Karl Ove Knausgård har lagt påskeferien til Jølster, har Ap-politikar Martin Kolberg og kona Aud-Harriet Hertzberg Ask Kolberg reist til Askvoll.

Aud er frå bygda og paret har bygd seg eit sommarhus der. Den profilerte Ap-politikeren gler seg til rolege dagar på hytta. For til tider stormar det hardt rundt han i politikken.

Satsar på fjelltur

Denne påska skal dei besøkje familien i Askvoll. Men medan mange svergar til skigåing i påska, blir det lite med slikt for familien Kolberg.

– Nei, det blir det nok ikkje. Eg reknar med at vi tek oss ein tur til Blåfjellet. Der er det nydeleg utsikt og eg har vore der ein del gonger før. Det er også flott å sykle i Askvoll og eg gler meg til lange middagar, seier Kolberg.

Pinnekjøt på påskeaftan

Han fortel om mange gode minner frå feriar i kystkommunen. Han trur at denne ferien også blir bra. Det er kona Aud som står for påskepynten og ein lattermild politikar fortel om korleis det ser ut heime i Lier.

– Ho er enorm på pynting. Heime har vi sikkert 100-150 påskekyllingar rundt i huset. Det er allefall veldig mange, men det er berre hyggeleg.

I Askvoll har han oppdaga ein påsketradisjon som han ikkje er van med.

– Her et dei pinnekjøt på påskeafta. Men det er jo godt, så denne tradisjonen likar eg.

Hater å tape

Påske er også brettspel for mange, også hos familien Kolberg.

– Men eg er ikkje med, for eg taper alltid, ler han og legg til at kona sler han i spel fordi ho er ein systematikar.

– Martin blir sur når han taper, ler Aud.

Skryt av kona

Med ein politikarmann som ofte er på farten og som stadig blir kontakta, er ho van med å dele han med andre. Men ho forstår godt at mannen må bruke mykje av tida på politikk.

– Mobilen følgjer han overalt og han legg han aldri frå seg. Eg skulle gjerne sett meir til Martin, men veit ikkje om eg kunne levd med han viss han ikkje dreiv med politikk. Den er alt for han.

Martin skryt av kona si og seier ho er tålmodig og tolerant.

– Det finns nok kollegaer om har det vanskelegare enn meg. Hos mange kan det fort oppstå ein form for konflikt, men det gjer det ikkje mellom oss. Det er veldig verdifullt for meg, seier han.

Har du reist på påskeferie? Har du nokre spesielle påsketradisjonar du berre må ha? Skriv gjerne om det i kommentarfeltet vårt.