Hopp til innhold

50-tals personar søkjer etter sakna

Politiet står framleis utan spor etter ein sakna mann i 60-åra i Florø.

Leiteaksjon etter sakna mann i Flora.

LEITEAKSJON: Mannskap frå Sivilforsvaret, Røde Kors og Norske redningshundar deltek i søket.

Foto: Redningsskøyta Rs Emmy Dyvi

Mannen vart meldt sakna natt til måndag då rutebåten «Dagning» såg ein liten fritidsbåt av typen Bella drivande i Florøvika.

Om bord låg ein mann og sov. Han opplyste at det også skal ha vore ein til i båten. Vedkommande skal ha falle over bord i samband med urinering.

– Det nærmar seg 50 mann som deltek i søket, samt ein del småbåtar og to hundeekvipasjar frå Norske redningshundar, fortel operasjonsleiar Einar Vereide hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leitemannskap i Florø (26.3.12)

LEITEMANNSKAP: Desse er mellom dei rundt 50 som er ute og leitar.

Foto: Truls Kleiven

Konsentrerer søket

Det har måndag blitt søkt med Brandsøy, Florø og Årebrot som primærområde. Etter kvart er søket konsentrert nord for Botnaneset.

Mannen i båten har i avhøyr med politiet forklart at han sjølv ikkje såg kameraten falle over bord. Han skal ha sjølv oppdaga at kameraten var sakna og skal ha leitt etter han.

– Det har etter kvart blitt stadfesta at vi søkjer i det mest aktuelle området. Vi har søkt der det er mest truleg at han har falle på sjøen, opplyser Vereide.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leiteaksjon etter sakna mann i Flora.

STRANDSØK: Mannskap frå Sivilforsvaret deltek i strandsøket.

Foto: Redningsskøyta Rs Emmy Dyvi

Redningsaksjon

Vereide seier dei framleis skildrar leiteaksjonen som redningsaksjon. Båten var på veg frå Norddalsfjord då mannen fall over bord.

Politiet har i løpet av måndagen heller ikkje kome over noko som tilseier at mannen ikkje skal ha falle over bord.

– Søket går føre seg framleis, med både mannskap frå land og frå småbåtar som søkjer langs strendene, holmar og skjær, seier Vereide.