Hopp til innhold

– Eg kjem aldri til å gløyme den vesle støvelen som låg i vegkanten

Georg Piel (57) har vore med å ta hand om kring 30 døde menneske etter ulukker i trafikken. I løpet av snart førti år som bilbergar har han berre ein gong fått tilbod om hjelp til å takle dei tøffe opplevingane.

Georg Piel

VONDE OG VANSKELEGE: Mange av minna etter snart 40 år som bilbergar har vore tøffe å takle. Georg Piel (57) meiner bilbergarane i større grad må få vere med på debrief etter alvorlege ulukker.

Foto: Anna Gytri / NRK

Blod som fyller heile golvet ved førarsetet og skrik som vitnar om ekstreme smerter har blitt vonde minne for Piel. Mang ein gong har han kome heim frå jobb i ein blodig kjeledress etter å ha sett omkomne menneske rett i auga.

– Det er ikkje noko du gløymer. Ting som skjedde for 20 år sidan kan kome tilbake i dag, eller i morgon eller om nokre år frå no av, seier Piel.

Vi er på Stårheim bilverkstad, halvanna mil vest for Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Riksveg 15 går like utom døra, og på oppsida står to blankpolerte redningsbilar.

Den erfarne bilbergaren ser ikkje statistikken over drepne og skadde i trafikken som berre tal. På mange måtar er bilbergarane blitt som ein fjerde naudetat.

Når alarmen går er Piel ein av dei som kjempar for å berge liv.

PS: Av omsyn til omkomne, skadde og pårørande har NRK i denne saka valt å anonymisere hendingane og utelate enkelte detaljar.

Vil ha hjelp til å takle dei vonde opplevingane

Sidan 1970 har fleire tusen menneske mist livet langs norske vegar. Synet av menneske i knurva bilvrak eller tyngda av menneske som har lege timevis under vatn er minne som aldri vil sleppe heilt taket i bilbergaren på Stårheim.

– For meg er ikkje dei som blir skadde eller døyr berre ein i rekkja. Eg tenkjer på dei ofte, seier Piel.

Han har sjølv måtte lære å handtere dei vonde minna på eiga hand. Når ambulansetenesta, brannvesenet og politiet reiser frå ulukkesstaden står bilbergaren ofte att åleine.

Samtidig som dei tre naudetane snakkar ut om det som skjedde, plukkar bilbergingssjåføren opp restane av bilvraket. Piel skulle ønskje det var annleis.

– Ofte kjem vi tett på det som skjer. Eg skulle ønskje vi og kunne få vere med når dei snakkar ut om det som skjedde. Kanskje kunne det då bli enklare for oss som bilbergarar å kome oss vidare, seier Piel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Georg Piel saman med sonen Glenn André Utnes Piel

NY GENERASJON: Georg Piel har lært opp sonen Glenn André etter beste evne. Han håpar han skal sleppe å måtte takle så mange vonde opplevingar på eiga hand.

Foto: Stig Høynes

– Fell ofte utanfor

Både Viking, NAF og Falck erfarer at deira sjåførar blir ståande midt i alvorlege trafikkulukker. I alt for mange tilfelle blir dei gløymde når dei andre snakkar ut om inntrykka i etterkant.

– Bilbergarane blir ikkje alltid sett på som ein del av teamet. Dei kjem kanskje først til ulukkesstaden, men dei har ikkje blålys og er ikkje nokon offentleg utrykkingsetat.

– Då fell dei utanfor i mange tilfelle, seier Lars Gravdahl, som er driftsdirektør i Falck og får støtte frå både NAF og Viking.

– Vil alltid hugse skrika

Nokre mil aust for Stårheim møter vi Kjetil Bernhoft i Stryn. 32-åringen har vakse opp med ein far som bilbergar, og har sjølv vore i jobben i 11 år.

Kjetil Bernhoft

BEARBEIDING: Kjetil Bernhoft vil at bilbergarane får vere med på debriefane til dei andre naudetatane.

Foto: Anna Gytri / NRK

Han har alt han fått oppleve at jobben ikkje er berre enkel. Det å plukke fingrar på ein ulukkesstad er blant tinga han har vondt for å gløyme.

Bernhoft håpar han skal sleppe å måtte takle like mykje åleine som sine eldre kollegaer og vil gjerne få snakke ut med andre som har vore på ulukkesstaden.

– Det er mykje du hugsar som tøft. For eksempel skrika frå ein som sat fastklemd inne i ein tunnel. Den lyden, eg kan høyre det enno. Det går gjennom marg og bein. Han hadde så store smerter, fortel Bernhoft (32).

– Mange vanskelege inntrykk

At det er mange sterke inntrykk på ein ulukkesstad veit psykolog Atle Dyregrov mykje om. Han har jobba i 30 år med krisepsykologi og har mellom anna sett på korleis redningspersonell opplever og taklar kriser og katastrofar.

Atle Dyregrov

SNAKK OM DET: Oppmodar psykolog Atle Dyregrov.

Foto: UiB

Dyregrov fortel at alle sansane blir utsette for sterke inntrykk ved ei trafikkulukke. Det kan vere synet av maltrakterte kroppar, eller lukta av blod og spy.

– I tillegg til sanseinntrykk via syn, høyrsel og lukt kan dei også ha vanskar med å takle det å sjå andre som har store smerter. Eller det å måtte takle pårørande som kjem til, forklarar Dyregrov.

Han fortel at ein i løpet av dei siste 20 til 30 åra har blitt stadig meir bevisste på kor viktig det å er å snakke ut.

– Ein ser at det er fleire som slit med problem i dei tilfella der ein ikkje snakka om ting i etterkant.

– Det har blitt tøffe opplevingar

57 år gamle Georg Piel vart biten av basillen allereie som 12-åring. Då hadde faren drive med bilverkstad og bilberging i fleire år, faktisk var han på byrjinga av 1960-talet den første i Sogn og Fjordane som starta opp som profesjonell bilbergar. Dei første gongane Georg Piel fekk vere med faren, var det for å gjere enkle oppgåver.

– Eg kunne hjelpe han med å halde ein vaier, eller hente utstyr han trengde når han låg under bilane, minnest Piel.

Etter kvart som han vart eldre vart bilberging ein større og større del av livet hans. Då han vart gammal nok sette han seg sjølv bak rattet og vart raskt den som måtte reise ut då politiet ringde og varsla om trafikkulukker. Opp gjennom åra har det blitt mange slike telefonar.

Piel har ikkje noko eksakt tal på kor mange gonger han har vore med på alvorlege trafikkulukker. Nokre ulukker har han fortrengt, medan minna om andre ligg heilt opp i dagen. Sjølv trur han at han har vore med på å ta ut opp mot 30 døde menneske etter trafikkulukker.

– Eg var ikkje gamle karen første gong eg var på ei dødsulukke. Kanskje rundt 25 år. Sidan då har det blitt mange alvorlege ulukker. Det har vore tøffe opplevingar, men eg har klart meg bra, heldigvis.

(Artikkelen held fram under biletet)

Georg Piel

ALLTID KLAR: Når politiet varslar om alvorlege ulukker er Georg Piel bak rattet på få straksar. Med seg i bilen har han alt utstyret han treng til å bidra til å berge liv.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Eg slepper alt eg har i hendene

Når politiet får melding om ei trafikkulukke går alarmen hos dei tre naudetatane, ambulanse, brannvesen og politi. Avhengig av kor det er i landet, blir også bilbergar varsla kort tid etter.

Når politiet sitt nummer kjem opp på displayet på telefonen er Georg Piel klar.

– Det er om å gjere å halde hovudet kaldt. Dei fortel det dei veit om kva som har skjedd, kor det har skjedd og om folk sit fastklemde eller slike ting, seier Piel og held fram:

– Når eg får den telefonen slepper eg alt eg har i hendene og er i bilen på kort tid.

(Artikkelen held fram under)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Høgre handa til brannvesenet

Ut frå informasjonen han får frå politiet byrjar Piel å planleggje korleis han kan bidra på skadestaden. Avhengig av om bilen ligg langt ned i skogen, eller ligg opp ned i vegbana, veit han kva han må gjere når han kjem fram.

Framme på ulukkesstaden gir Piel beskjed til skadestadsleiar om at han er på plass. Skadestadsleiar er anten ein politimann eller eit brannbefal, og det er dei som bestemmer kva bilbergaren skal hjelpe til med.

Ofte blir bilbergarane høgre handa til brannvesenet, mellom anna når menneske sit fastklemde og desse skal frigjerast.

– Det kan vere blod overalt

Ingen trafikkulukker er like, og oppgåvene som bilbergarane får på ein skadestad kan vere mange og forskjellige. For mange er det den store skrekken å komme først til ein ulukkesstad. Det er noko Piel har opplevd fleire gonger.

– Når du kjem til ein plass der folk hyler og skrik, dei gret og det renn blod over alt, så gjer du det du kan.

– Det viktigaste å finne ut korleis det har gått med folket. Eg sjekkar at dei pustar og pakkar dei inn i eit teppe for å halde dei varme. Folk blir ofte veldig redde når dei blør mykje, og det å stogge blødingane kan gjere dei rolegare, fortel den erfarne bilbergaren.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Førstemann på ulykkesstedet etter ei trafikkulykke

Kva skal du gjere om du kjem først til ei trafikkulukke? Videoen er laga av Norsk Luftambulanse. Sjå fleire videoar her.

– Han sat der og såg på meg med opne auge

Etter eit snart 40 år langt yrkesliv er det nesten ikkje ein sving eller ei vegstrekning i nærområdet der Piel ikkje har vore på oppdrag. Heldigvis er det som oftast ikkje alvorlege hendingar, men dei gongene det er det set det spor som aldri vil kunne viskast ut.

– Det var ein personbil som fekk sleng og krasja inn i fronten på ein lastebil. Sjåføren i personbilen var ein som alltid hadde noko å fortelje når vi møttest.

– Men den gongen sat han berre der, med opne auge. Såg rett på meg, men han sa ikkje noko, fortel Piel og ser ned.

– Du tenkjer ofte ”Herregud, skulle han og gå med”. Nei, uff, det er trist, seier Piel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Georg Piel

TØFF: Sjølv om Georg Piel ikkje har mist nattesøvnen, er det mange vonde opplevingar han ofte minnast.

Foto: Stig Høynes

– Eg klarer aldri å gløyme den støvelen

57-åringen kunne truleg ha fortalt om tøffe og vanskelege minne i timevis. Ingen slike hendingar blir berre gløymde, nokre blir kanskje fortrengde. Piel opplever alle hendingane som vonde og vanskelege, men seier han til no ikkje har mist nattesøvnen.

Samtidig er det nokre minne som gjer at den vaksne mannen blir grautete i stemma. Ein liten barnestøvel i vegkanten er det minnet som til no har vore tøffast å handtere.

– Eg hadde vore på Hamar for å levere ein bil, og var på veg tilbake med bilbergingsbilen. Eg hadde med meg begge gutane mine i bilen, då eg såg brannvesenet som var på utrykking, fortel Piel.

Framme på ulukkesstaden parkerte Piel bak dei andre bilane som stod i kø. Gutane fekk streng beskjed om å halde seg i bilen, medan han sjølv gjekk fram for å tilby seg å hjelpe.

– Det var to personbilar som hadde kollidert. Ein kraftig kollisjon. To vaksne omkom, og ei lita jente overlevde så vidt, og vart alvorleg skadd for livet.

- Utanfor bilen låg det ein liten barnestøvel, seier han med gråt i stemma. - Det synet av den støvelen, eg klarer berre ikkje å gløyme det.

Georg Piel (57)

– Eg har tenkt på det mange gonger

Piel såg aldri den vesle jenta som vart hardt skadd. Han var heller aldri med på sjølve redningsarbeidet. Men etterpå tok han med seg dei to ulukkesbilane.

Som ein del av jobben må han då også rydde opp på skadestaden, og ta med seg det som ligg att. I dette tilfellet også den vesle støvelen.

– Det var veldig trist, og den ulukka har eg tenkt på mange gonger. Det er alltid trist, men eg tek meg ekstra nær av det når det er born og unge involvert, seier han.

Har gått «den tøffe skulen»

Piel er heilt klar på at han har gått «den tøffe skulen». Frå han var ung har han fått høyre frå faren og sine eldre brør om kva han kunne komme til å oppleve i jobben som bilbergingsjåfør.

Etter dei tøffe opplevingane har han snakka ut om det med faren og brørne, og ikkje ein einaste gong har han fått hjelp frå andre.

Berre ein gong har han fått tilbod om hjelp etter ei dødsulukke. Den gong takka han nei til å vere med på debrifinga med redningsetatane. I dag ville han gjort det annleis.

(Artikkelen held fram under biletet)

Georg Piel demonstrerer løftepute

LIVREDDANDE: Georg Piel demonstrerer her ei løftepute som raskt kan løfte opp ein bil som ligg på sida.

Foto: Anna Gytri / NRK

Vil ha meir fokus på debrifing

Mange bilbergingssjåførar saknar ein invitasjon til samtalane ambulansepersonell, brannvesen og politi har etter alvorlege hendingar. Glenn André Utnes Piel har følgd i farens fotspor, og Georg Piel vil ikkje at sonen skal måtte stå så åleine med dei tøffe opplevingane som han har gjort.

– Vi jobbar i eit team og er på ein plass der folk døyr. Kanskje står vi med skadde folk i hendene, eller er med på bergingsarbeidet. Når naudetatane møtest i etterkant, burde vi også bli spurde.

– Kanskje burde vi faktisk bli tvinga til å vere med, er oppmodinga frå Piel (57).

– Viktig å snakke om det

Krisepsykolog Atle Dyregrov seier ein opp gjennom åra har sett at det å snakke om hendingane i etterkant gir resultat, og difor er dette blitt stadig meir viktig.

Same dag som ulukka bør ein ha ein samtale der ein får organisert fakta, medan ein meir kjensleladd samtale bør finne stad nokre dagar seinare.

– Det er på sin plass å ivareta alt personell som opplever denne typen hendingar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Bernhoft

ERFARING: Sidan 1975 har no 54 år gamle Jan Bernhoft drive med bilberging. Opp gjennom åra har han dokumentert mange av oppdraga i bilete.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Føraren var hivsmitta

Tilbake hos Kjetil Bernhoft i Stryn. Faren hans, Jan Bernhoft (54), har drive med bilberging sidan 1975, og sonen har gått i lære hos ein som har opplevd mykje. På eit lite bord har dei funne fram fleire album med bilete.

Lastebilar som ligg velta, bussar som har gått på vatnet, og bilar som ligg opp ned i vegkanten. Nokre gonger har arbeidskleda vore så prega av hendinga at dei har gått rett i bosset.

– Ein gong fekk eg beskjed av politiet om å kaste alt eg hadde hatt på meg. Føraren i ulukkesbilen var hivsmitta. Det var ikkje ei kjekk oppleving, seier Jan Bernhoft.

Hugsar til og med bilmerket og modell

Når dei blir spurde om alvorlege ulukker dei hugsar godt snakkar dei nesten i munnen på kvarandre. Etter mange år i bransjen er det enkelte syn Jan Bernhoft hugsar ned til den minste detalj. Til og med bilmerket og modellen.

– Då eg kom fram til ulukka syntest eg det var så rart. Alle sat i bilane sine, det var ingen som var ute, byrjar Bernhoft å fortelje.

– Eg rygga meg på plass og steig ut av bilen, og då var det berre ein politimann som stod der. Han fortalde meg at det sat ein død person i bilen med eit teppe over seg.

– Kvifor hugsar du dette så godt?

– Hadde dei sagt til meg då eg vart kalla ut at personen var død, kunne eg ha psyka meg opp litt. No fekk eg beskjeden så rett på. Eg var ikkje førebudd på det, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Bernhoft syner fram ein av dei mange bilane han har berga

DET GJEKK BRA: Mang ein gong har Jan Berhoft berga opp bilar som har hamna i fjorden eller i eit vatn. I dette tilfellet gjekk alt heldigvis bra. (NB: Biletet har ingenting med ulukkene som er nemnde i artikkelen å gjere).

Foto: Anna GYtri / NRK

Vil ha fleire å dele opplevingar og erfaringar med

Kjetil Bernhoft (32) visste tidleg at han skulle gå i fotspora til faren. På få år har han fått oppleve at jobben er tøff og brutal.

Han er heilt klar på at han ikkje har lyst å gå eit langt yrkesliv i møte, der han ikkje får vere med på debriefingane som dei tre naudetatane har etter alvorlege ulukker.

– Vi ville fått letta trykket tidlegare, og vi hadde fått prata med andre som er meir drilla på å takle slike hendingar. Det er ikkje tvil om at det hadde vore positivt.

– Korleis har du takla ting til no?

– Eg snakkar med far min som har mykje erfaring, og det er godt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

(Videoen syner ein demonstrasjon av hurtigfrigjering. Brannvesenet har her klypt stolpane på bilen, det er festa kjetting til desse og så nyttar ein seg av ein brannbil eller ein bilbergingsbil for å trekkje bilen frå kvarandre. Det er også vanleg at ein nyttar seg av vinsj, og bilbergarar har ofte vinsjar som kan trekkje bilen open svært sakte. Videoen er laga av Norsk Luftambulanse og Jan Einar Andersen som er driftsansvarleg for TAS (Tverrfagleg Akuttmedisinsk Samarbeid).

Viktige for brannvesenet

At bilbergarane er ein viktig redningsressurs er noko Stryn brannvesen har teke inn over seg. Varabrannsjef John Jatgeir Vinsrygg ville ikkje vore dei forutan.

– Dei er viktige for oss, både når det skjer småbilulukker, men spesielt i tilfelle med storbilulukker. Då har ikkje vi mykje utstyr vi kan hjelpe oss med, seier Vinsrygg.

Han har erfart at bilbergarane ofte kjem tett på ulukkene, og trur dei har eit like stort behov for å snakke om det som har skjedd som dei andre redningsmannskapa.

– Eg opplever at det er viktig for oss å prate om det. Spesielt i forhold til det å klare å halde fram i jobben, seier han og legg til:

– Det er ikkje bra at dei ikkje blir tekne med, og eg trur nok vi alle må ta eit ansvar for å invitere dei med.

(Artikkelen held fram under biletet)

John Jatgeir Vinsrygg

RESSURS: Varabrannsjef John Jatgeir Vinsrygg i Stryn er klokkeklar på at bilbergarane er viktige på ein ulukkesstad.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Den ulukka eg ikkje snakka om, den plagar meg framleis

Kommunikasjonssjef i NAF, Jan Ivar Engebretsen, forstår godt ønsket frå bilbergarane om å få vere med på debriefingane i etterkant av dei alvorlege ulukkene. Han har sjølv jobba som bilbergar i mange år, og har fått føle på kroppen kor viktig det er å snakke ut om ting.

– Ulukkene var greie å takle, så lenge ein fekk prata ut. Men det er ei ulukke eg aldri blir ferdig med. Det var den eg ikkje fekk snakka om, seier Engebretsen.

Sjølv om bergingsselskapa har tilbod om hjelp internt i selskapa, ser alle det som svært viktig at bilbergarane får snakke ut med andre redningsmannskap som gjerne sit att med dei same inntrykka.

– I tillegg er det ofte også slik at bilbergarane blir ståande att med den tyngste jobben. Når alle andre har reist er det dei som må ta seg av ulukkesbilen, seier kjedesjef Svein Setrom i Viking og legg til:

– Det kan vere mørkt, og du står att der åleine med eit vrak som ber tydeleg preg av den alvorlege hendinga. Du veit kva som har skjedd og kan bli ganske einsam med tankane og dei tøffe inntrykka, seier Setrom.

Tek kritikken på alvor

Det er skadestadsleiaren frå politiet som har ansvar for å kalle inn til såkalla debrifingar i etterkant av alvorlege ulukker. Reglane seier til dømes at dette skal skje ved store ulukker og katastrofar, og at alle som har delteke i redningsarbeidet skal vere med.

– Her får ein snakka ut om kva som har skjedd, og korleis ein har løyst oppdraget, og det er også høve til å fange opp dei som eventuelt treng ytterlegare hjelp i etterkant, seier Stig Inge Hauge.

Han er nestkommanderande ved fellesoperativ eining i Sogn og Fjordane politidistrikt. Hauge seier dei ikkje tidlegare har høyrt om at bilbergarane føler seg gløymde frå slike debrifar.

Hauge er samtidig klar på at dei politiet ser på bilbergarane som ein viktig ressurs.

– Dette er tilbakemeldingar som vi vil ta til etterretning. Det er veldig viktig at også bilbergarane blir tekne vare på, og dei må gjerne også sjølv ta initiativ til å få vere med, seier Hauge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Glenn André Utnes Piel og faren Georg Piel

BERGAR LIV: Frå han var berre ein neve stor har Glenn André Utnes Piel (t.v.) vore med faren Georg Piel på oppdrag.

Foto: Stig Høynes

– Eg gjer alltid mitt beste

Tilbake på Stårheim viser Georg Piel fram bergingsbilane sine. Både utstyret og mannskapet står alltid klare til å rykkje ut. Piel er klar på at han kjem til å vere biten av basillen for alltid, men trur ikkje alle har like enkelt for å takle dei tøffe påkjenningane.

Når han har stått i dei tøffaste situasjonane har det vore viktig å halde fast ved to ting.

– Eg kan ikkje stresse meg opp, eg må ha full kontroll. Eg kan ikkje gjere feil, eller gjere til at dei skadde får større smerter eller meir alvorlege skader. Så difor konsentrerer eg meg om jobben min, og då klarar ein å halde det litt på avstand, seier han og legg til:

– Uansett kva som skjer, så gjer eg mitt beste. Noko anna kan eg ikkje.