Hopp til innhold

Blei berga ned frå fjellet - men fekk kjeft av sambuaren

Tysdag føremiddag la han ut på det som skulle vere ein triveleg fjelltur. Men då han vart overraska av uvêr, endra turen brått karakter.

Tom Thorsen

GLAD FOR Å BLI FUNNEN: Tom Thorsen set stor pris på at så mange leita etter han.

Foto: Frank Optun Smedegård

Til alt hell er Tom Thorsen frå Jostedalen ein fjellvand kar, så litt uvêr sette han ikkje ut av spel. Men litt kjeft frå sambuaren fekk han då han kom heim.

Det var tysdag føremiddag han la ut på tur. Han skulle til fjellet Kvitekoven som er ein 1657 meter høg fjelltopp i eit område på austsida i Jostedalen.

– Eg drog ut i 11-tida om føremiddagen. Turen gjekk greitt, men så byrja vêret å ruske seg til då eg skulle ned igjen. Då bestemte eg meg for å ta ei anna rute ned, seier han.

Han er godt kjend i området og hadde gått denne ruta dagen før.

– Eg kom eit stykke på veg, men etter kvart blei sikta så dårleg at han ikkje torde gå lenger, fortel han.

Fekk ringde heim

For i vest er det stupbratt og nesten loddrett, og det sammme i nord. Han hadde tenkt seg ned ein rygg i nordvest, men bestemte seg for å droppe det.

– Du skal treffe bra for å ta deg skikkeleg ned. Eg trudde eg var på rett stad, men sikten blei så dårleg at eg ikkje torde å halde fram.

Då bestemde han seg for å ringe sambuaren sin Astrid. Han fortalde kvar han var og rett etter kopla telefonen ut.

– Eg hadde hatt tre strekar på telefonane før eg reiste, men det kulden gjorde sikkert til at batteriet gjekk flatt. Men eg fekk fortald kvar eg var og eg blei der til dei fann meg.

Grov seg ned i tide

Tom Thorsen

FJELLVAND: Det var i området bak her at Tom Thorsen blei funnen natt til onsdag.

Foto: Frank Optun Smedegård

Han fann ut at det var best å følgje fjellvettsregel nummer ni; Spar på kreftene og grav deg ned i snøen om naudsynt.

– Eg brukte bakkanten av skia og grov ut blokker så eg kom meg ned i snøen. Det bles godt frå sør, så eg brukte blokkene som levegg.

Han fekk også laga eit tak ved å leggje skistavane over og blokker oppå.

– Eg hadde det rimeleg bra inni der. Eg hadde også med ein vindsekk med varmereflekterande folie. Dermed heldt eg varmen ganske bra.

Han mista tidsbegrepet og håpa berre at det skulle bli morgon snart slik at han kunne renne ned igjen. Men før det lysna, blei han funnen i halv totida i natt. Det var eit stort hjelpeapparat som blei sett i sving etter at sambuaren fekk telefonen.

Takksam for all hjelpa

Bregruppa i Jostedalen stilte med 18 personar, Hafslo Røde Kors hadde 12 personar i sving. Frå Sogndal Røde Kors kom 11 personar og Luster Røde Kors talde fem personar i leiteaksjonen. I tillegg var to hundeekvipasjar frå Norske Redningshunder og tre polititenestemenn i arbeid for å finne mannen.

Totalt var 51 personar i aksjon i det vanskelege terrenget. Dette er Thorsen svært takksam for.

– Det står stor respekt av å ta seg opp i mørket på den måten. Alle gjorde ein solid innsats i vanskelege forhold med tett snødrev, skredfare og tung og våt snø.

Seier Thorsen gjorde alt rett

Leiar av bregruppa i Hafslo hjelpekorps, Jostein Aasen, rosar Thorsen for å ha gjort alt rett når han først skulle komme ut for dårleg vêr. Aasen leia bergingsaksjonen i går kveld.

– Vi leita første der vi trudde han var, deretter sendt vi folk i andre retningar. Men vi fann han til slutt der vi trudde han var.

Han fortel at det er krevjande å leite under slike forhold som det var i går.

– Det var mørkt og vi måtte passe på at det kunne vere skredfare. Når det er dårleg sikt, skal ein viss flaks til for å finne folk.

Aase fortel at Thorsen gjorde alt rett då han grov seg ned.

– Han hadde nok kome ned på eiga hand då det lysna, men no fekk vi han ned nokre timar før.

Fekk kjekt av sambuaren

Tom Thorsen takkar også sambuaren Astrid som alltid passar på at han er godt utstyrt med ull.

– Eg vil også takke ho for at eg fekk komme heim igjen etter å ha sett igjan dette apparatet, ler han. For Astrid kjefta på meg for at eg hadde vald ei anna rute enn eg hadde tenkt.

Han har ikkje blitt redd av denne opplevinga og har slett ikkje tenkt å halde seg heime.

– Nei, eg skal på tur igjen kva dag som helst.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.