Hopp til innhold

«Ein veg so gjere meg gal - Aldri open alltid staingd å altfø smal»

 

Joacim Styve og medlemmane i bandet «RAASKINN» har teke føre seg eit tema som er svært kjent blant innbyggjarane i Årdal.

– Dette er ein tekst som folk her i lokalområdet kjenner seg svært godt att i, vegen er jo stengd halve året, fortel Joacim Styve.

Han står for tekst og melodi i songen «Årdal-Tyin: Stengd», som bandet «RAASKINN» har spelt inn i Hugin Musikkforum, og musikkvideoen av Bjørge Kilen er filma i studio.

Hei hei kan du høyra meg eg trenge hjelp!
Eg sit på hytta utan dekning å vegen e staingd
Hei hei eg kom meg opp men ikkje ne
Fø mykje vind å litt snø skakje meira te

«Årdal-Tyin:Stengd»

– Det er jo heilt komisk

Riksveg 53 Årdal-Tyin mot Jåteli

RASFARE: Vegen mellom Årdal - Tyin er svært ras- og vêrutsett.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Teksta er inspirert av dei mange problema som oppstår som følgje av vegstengingane, særleg «Verket» eller Hydro som dreg mykje folk til bygda med pengar til å byggje seg hytte.

– Der er jo skikkeleg flotte og eksklusive hytter til fleire millionar der oppe, og ein får berre brukt dei eit par gonger i året fordi vegen alltid er stengd, fortel Styve.

E ha lafta hytta på fjeddle, innlagt vatn å straum
HD-Tv på rommi, ein verksarbeidar sin draum

«Årdal-Tyin:Stengd»
RAASKINN

RAASKINN: Bandet er no ute med songen «Årdal-Tyin: Stengd» etter år med irritasjon over den stengde vegen.

Foto: Morten Lindborg

– Folk torer knapt å reise opp fordi dei kan risikere å verte sitjande der oppe i dagevis dersom vegen plutseleg stenger. Det er jo heilt komisk, legg tekstforfattaren til.

Tittelen på songen kjem av teksten på skiltet som opplyser om at vegen er stengd.

– Berre eit vindpust og litt snø så lyser tavla oppe på Verket. «ÅRDAL-TYIN: STENGD», fortel Styve og flirer.

Det e no gale, ei hytta te fleire millionar
Staor tom halve aore på grunn av restriksjonar

«Årdal-Tyin:Stengd»

Stengd i 728 timar

Og «RAASKINN» og Styve har all statistikk på si side, for vegen er stengt fleire gonger i veka. Tal frå Statens vegvesen viser at sidan 26.11.2011 har fylkesveg 53 blitt stengt 41 gonger - totalt 728 timar, seinast natt til i dag frå 22:30 – 08:00.

– Det er jo veldig spesielt at dette ikkje vert gjort noko med. Når borna mine vert større kjem dette sikkert til å irritere meg endå meir, sidan vi då kjem til å reise opp for å stå på ski, fortel Styve.

Årdal-Tyin

FØREBELS OPEN: Fylkesveg 53 er open akkurat no, men statistikken syner at dette raskt kan endre seg.

Foto: Webkamera, Statens Vegvesen