Hopp til innhold

AUF-leiar slaktar asylpolitikken

Leiar i Sogn og Fjordane AUF, Malene Indrebø Langlo, er lite nådig om eiga regjering sin asylpolitikk.

Malene Indrebø Langlo, leiar i Sogn og Fjordane AUF

KRITISK: Malene Indrebø Langlo, leiar i Sogn og Fjordane AUF, melder seg på blant kritiske røyster til regjeringa sin asylpolitikk.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ei 14 år gamal irakisk jente, som har budd seks år i fylket, er ei av 450 asylborn som når som helst kan bli kasta ut av landet etter å ha fått avslag på sine søknader om asyl.

– Det er heilt forferdeleg at ei jente som har vore her halve livet sitt, har sine venner her, går på skule her. Det er dette som er hennar land. At ho skal gå rundt og vere redd for å bli sendt ut kvar einaste dag er horribelt, seier Malene Indrebø Langl, leiar i Sogn og Fjordane AUF.

Klar Faremo

Denne veka sa justisminister Grete Faremo (Ap) at regjeringa ikkje ynskjer å gje asylsøkjarforeldre von, slik at dei trekkjer ut tida i håp om å få bli i Norge. Difor seier regjeringa at papirlause born skal ut av landet.

Grete Faremo

KLAR: Grete Faremo (Ap) var klar på at papirlause born skal ut av landet.

Foto: Christina Honningsvåg / NRK

– Det er ikkje snakk om amnesti. Alle som søkjer om opphald i Norge får sine saker grundig vurdert og det er jo Utlendingsnemnda som avgjer endeleg kven som får opphald eller ikkje, sa ei klokkeklar Faremo.

Asylpolitikken til regjeringa møter motbør. Martin Kolberg (Ap) har bede eige parti snu i asylpolitikken, Marianne Borgen (SV) er flau over eiga regjering, medan opposisjonen er del av eit stortingsfleirtal som krev barneutsendingane stogga.

Frykt kvar dag

NRK møter den 14 år gamle irakiske jenta på ein kafé saman med AUF-leiaren i Sogn og Fjordane.

Jenta fryktar å bli kasta ut når som helst, og ynskjer ikkje å stå fram med namn.

– Eg er redd for å bli sendt ut. Det er krig der også. Det går ikkje an å bu der og eg tenkjer ofte på det. Kvar dag. Eg trivast veldig godt på skulen, har mange vener og har lært språket, så eg vil helst ikkje bli sendt ut av landet, seier ho.

– Forferdeleg

– Alle dei borna som har vore her lengre enn tre år, må få sakene sine opp på nytt. Per dags dato er det 450 born som har Norge som sitt land. Dei kan ikkje berre bli sendt ut på den måten. Det forstår alle at det ikkje går, legg Indrebø Langlo til.

Eva Richter

VURDERER: Eva Richter vil vurdere sitt eige medlemsskap i Arbeidarpartiet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Eva Richter, Ap-politikar og tidlegare leiar asylmottaket på Jølster, seier ho vil vurdere sitt eige medlemskap i partiet dersom borna blir sendt ut.

– Eg beklagar det. Eg beklagar det veldig. Eg er veldig glad for at AUF er så tydelege og utfordrar makta i denne asylpolitikken, seier ho.

Borna først

Fylkesleiaren er ikkje nådig i kritikken mot sin eigen justisminister, og lovar at AUF skal kjempe med nebb og klør for å få moderpartiet til å snu.

Indrebø Langlo meiner omsynet til borna må vege tyngst, sjølv om familien kanskje ikkje har rett på opphald.

– Det er ein forferdeleg asylpolitikk som må forandrast. Det stiller AUF seg knallhardt bak, avsluttar ho.