Hopp til innhold

Journalistspirer vann ungdomspris

Med motemagasinet Puella slår lustringane eit slag for mote ungdomane har råd til. No er dei også kåra til årets elevbedrift i Sogn og Fjordane.

F.v.: Emilie Risnes Øyre, Monica Flatland og Anja Helen Kandal.

TIL TOPPS: Emilie Risnes Øyre (skribent og modell), Monica Flatland (redaktør, fotograf og skribent) og Anja Helen Kandal (annonseansvarleg, økonomiansvarleg og skribent). Den fjerde av jentene, Gudrun Ness (skribent), var diverre sjuk under Fylkesmessa.

Foto: Hans Olav Rise / NRK

Utdelinga skjedde torsdag under den årvisse fylkesmessa til Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.

Dermed blir 17-åringane frå Luster Sogn og Fjordane sitt bidrag under NM i Oslo seinare i år.

– At nokon tykkjer vi har ein bra idé, så har vi fått til det vi ynskjer. Ein ting er å håpe på gull, noko anna er det å faktisk få det, jublar Anja Helen Kandal.

Mote på nynorsk

Kandal er annonseringsansvarleg og økonomiansvarleg i verksemda ho driv saman med Emilie Risnes Øyre, Monica Flatland og Gudrun Ness.

Saman står dei bak Puella Magasin.

– Det er eit nynorsk motemagasin, der vi satsar på økonomisk mote. Vi ynskjer å vise at du kan vere motebevisst utan at det kostar så mykje, fortel redaktør Flatland.

Hadde ideen

Flatland har lenge gått med draumen om å lage eit motemagasin, og då dei andre jentene tykte det var spennande byrja snøballen å rulle.

Resultatet vart elevbedrifta Puealla magasin ub. Å skrive på noko anna enn nynorsk var uaktuelt.

– Det er vår identitet. Det blir urealistisk og feil for oss å skrive bokmål, seier Flatland.

– Verdige vinnarar

Og i dag vart det altså pris. For jurymedlem Jenny Følling var det kjekt å sjå eit moteblad på nynorsk.

At verksemda også kan vise til god rapport og gode økonomiske resultat, er heller ikkje noko ulempe. Følling meiner det var verdige vinnarar.

– Dei overbeviste oss. Dei har vist ekte engasjement for det dei har jobba med og produktet. Har laga eit flott motemagasin på nynorsk og treff midt i hjartet til det ungdomen tenkjer på, meiner ho.