Hopp til innhold

Fire etatar saman mot fjorddeponi

Fire tunge etatar har gått saman om å seie eit klart nei til å deponere gruveavfall i norske fjordar før det er samla meir kunnskap om konsekvensane.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

NEI TIL DETTE: Planane om fjorddeponi i Førdefjorden.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) og Mattilsynet har gitt eit samla svar til Fiskeri- og kystdepartementet, som har bede om innspel til ein strategiplan for norsk mineralnæring.

– Unngå bit-for bit-utbygging

«Vi bør unngå ei bit-for bit-utbygging i fjordane. Fjorddeponi som kan føre til alvorleg kjemisk og fysisk forureining bør ikkje godkjennast før ein heilskapleg plan for forvaltninga av fjordane er på plass», skriv dei i brevet til departementet.

Innspelet kan bli ein vesentleg del av innhaldet på vektskåla når det skal avgjerast om det blir gruvedrift i Engebøfjellet eller ikkje.

LES OGSÅ: Frårår fjorddeponi i Førdefjorden

LES OGSÅ: Trur på internasjonalt forbod mot fjorddeponi i Førdefjorden

LES OGSÅ: Solheim møtt av demonstrantar

Seniorrådgjevar Frank Jakobsen i Fiskeridirektoratet seier at det er for lite kunnskap om konsekvensane av fjorddeponi, mellom anan i Førdefjorden.

– Då er det viktig at det blir laga ein strategi for korleis ein best mogeleg skal handtere slike saker og få best mogeleg kunnskapsgrunnlag. Då har politikarane eit betre grunnlag for å gjere vedtak.

Jakobsen meiner konsekvensutgreiinga for gruveplanane i Engebøfjellet i Naustdal ikkje er fundert på godt nok kunnskapsgrnnlag, og Havforskingsinstituttet har tidlegare gått klart mot planane om fjorddeponi.

Råd til departementet

Dei fire etatane kjem med ei rekkje råd. Her er eit utval:

  • Mellom anna vil dei rå frå fjorddeponi dersom deponiet heilt eller delvis overlappar med gytefelt for torsk, kveite eller andre kommersielt viktige eller sårbare fiskeartar.
  • Det same bør gjelde dersom det er høg risiko for at deponering vil skade gytefelt eller evna fjorden har til å produsere fiskeyngel.

  • Der det er risiko for alvoreleg forureining i eller i randsona av nasjonale laksefjordar før ein ikkje tillate fjorddeponi.

  • Det bør ikkje bli gitt løyve til fjorddeponi dersom gruveavfallet har for høge verdiar av tungmetall.