Hopp til innhold

«Eg tenkte ikkje så veldig mykje. Eg berre skalv og skalv»

16-åringen Karl Aksel Jermstad frå Steinkjer fekk eit dramatisk møte med junior-NM i skiskyting. Med brystsmerter bar det rett til sjukehus med luftambulanse.

Rune Bø og Karl Aksel Jermstad

ENDA BRA: - Det er godt det går bra med deg, seier Rune Bø (t.v.) etter å ha møtt att Karl Aksel Jermstad for første gang sidan fredagen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Meisterskapen i Stryn var over for Karl Aksel Jermstad sin del etter berre to skytingar og seks kilometer.

16-åringen vart sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse at normalprogrammet var over fredag.

– Eg kjende press i brystet og det vart tyngre å puste, så eg køyrde ut av løypa. Måtte lene meg mot stavane for å stå og skjønte ikkje kva som skjedde, fortel han.

– Fekk øydelagt NM

Jermstad vart utskriven frå sjukehuset fredag kveld og attende på stadion søndag morgon for å følgje krinslaget til Nord-Trøndelag ta gull på stafetten. I ein stafett der Sogn og Fjordane vart nummer åtte.

Nord-Trøndelag vann stafetten i yngste juniorklassa.

JUBEL: Karl Aksel Jermstad sine lagkameratar Håkon Livik, Trygve Kjesnes Wekre, Anders Trønsdal Lyngstad og Espen Sonflå sytte for trønderjubel i den yngste stafettklassa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Eigentleg skulle hadde 16-åringen håpa å få gå sjølv for andrelaget, men både lege og lagleiing meinte han ikkje burde gå meir etter dramatikken fredag.

Trønderen som i år har hatt meisterskapen som sitt store mål tok laurdag ein roleg dag på hytta.

– NM vart jo øydelagt for min del. Eg hadde lagt opp eit ganske bra løp mot NM med mykje tørrtrening og formoppstigning, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frakta til sjukehus under junior-NM.

TIL SJUKEHUS: Medan lagleiarane sat i møte på klubbhuset på Ullsheim, vart Karl Aksel Jermstad frå Steinkjer sendt til sentralsjukehuset i Førde.

Foto: Katrine Nybø / NRK

– Låg ved brua

Opningsdagen vart svært kald og våt for både publikum og løparar. Då Jermstad la ut i løypa tok det også til å hagle. Han hugsar det meste av det som skjedde.

Då 16-åringen ikkje kom til passering som han skulle, ana sekundantane uråd. Dei fann han ved løypa og la han på ei jakke. Deretter vart han henta av Røde Kors.

– Vi fekk melding om ein løpar som låg ved brua og hadde fått ein smell i brystet. Vi sendte ein tre personar med pulk i førevegen og var framme tre-fire minuttar etter meldinga. Når det viste seg at det ikkje var ytre påverknad, så vart det straks verre, fortel Rune Bø i Røde Kors.

– Eg berre skalv

Det blåste sterkt og ein allereie våt Jermstad vart veldig kald.

– Det er veldig ugreitt når unge, topptrente utøvarar får ein slik kollaps, seier Bø.

16-åringen vart teken med til speakerbua og teken hand om av hjelpemannskap. Då han framleis hadde stikking i brystet, og var kald, ringde Røde Kors 113.

– Eg fekk ikkje varmen i meg. Eg tenkte ikkje så mykje, men berre skalv og skalv. Men eg var ikkje spesielt redd. Eg berre undra meg over kva som skjedde, fortel han.

Fann ikkje feil

Etter kring halvtimen vart han frakta inn i speakerhuset. Men varmen fekk han først i seg når luftambulansen kom med båre og pakka han inn. Han veit førebels ikkje kva som skjedde i sitt første NM-løp som junior.

– Dei sjekka både lunger og hjarte på sjukehuset, men fann ingen feil, seier han.

Hendinga kan ha samanheng med sjukdom dei siste vekene. Difor hadde han heller ikkje sett seg andre mål enn å ta norgescuppoeng under meisterskapen.

– Eg var frisk siste veka før NM, men var sjuk tre veker før det att. At noko slikt skulle skje var eg ikkje budd på. Kroppen fungerte bra, seier han.

Vil ikkje kritisere

Etter den svært kalde og fuktige opningsdagen fredag, har arrangørane fått tilbakemeldingar på at dei burde hatt varmetelt i mangel på garderobeplass. Med innskyting, oppvarming og klargjering av utstyr er skiskyttarane langt lengre ute i friluft enn til dømes langrennsløparar.

Jermstad vil ikkje kritisere arrangørane. Verken for at det tok lang tid før han vart teken i hus, eller for at det ikkje var varmetelt.

– Det gjekk jo bra med meg, men det er jo synd eg ikkje fekk gå meir, gliser løparen som har fått forbod mot å trene dei neste tre-fire dagane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fuktig start på NM på Ullsheim.

FUKTIG: Junior-NM på Ullsheim fekk ein kald og våt opningsdag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Etterlyser telt

– Mitt råd og tips til arrangørane er å sette opp eit større varmetelt som løparane kan trekkje inn i når veret var så dårleg på fredag. For kafeen vart okkupert av ungdomsskuleelevar og vidaregåande elevar, seier Jan Boutera frå Fet Skiklubb.

Arrangørane hadde ein garderobe ledig og eit lite varmetelt. Det meiner Boutera blir for lite til 430 deltakarar og publikumarar.

– Våre løparar snudde i døra til kafeen og måtte skifte ute. Det var ikkje plass inne og heller ikkje garderobar eller varmetelt å gå til, seier han.

– Ikkje optimalt

Boutera legg til at arrangementet elles har vore godt. Med hyggelege folk, god standplass og fine løyper. Andrea Boutera og Vilde Nesse, også frå Fet skiklubb, var mellom løparane som vart våte og kalde fredag.

Andrea Boutera og Vilde Nesse

VARMETELT: Andrea Boutera og Vilde Nesse meiner arrangørane burde hatt eitt større varmetelt til løparane når veret vart så dårleg som på fredag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dei seier dei er vande med å skifte ute når dei er kring om på konkurransar. Men også dei er samde i at arrangørane burde hatt eit varmetelt.

– Eg brukte doen, men det hadde vore fint med garderobar. Det er ikkje optimalt å skifte ute med så mykje regn, seier Boutera.

Komprimert område

Rennleiar Klemet Bø har forståing for ynskjet om varmetelt. Han viser til at det står i invitasjonen at det ikkje er garderobeanlegg.

Rennleiar Klemet Bø.

RENNLEIAR: Klemet Bø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Samstundes viser han til at dei har vore maks uheldige med veret.

– Det nyttar ikkje med garderobar til 15 personar når det er 430 deltakarar. Det blir mykje folk og vi har eit komprimert området, så skulle vi hatt eit større varmetelt måtte vi tatt i bruk parkeringsplassen, seier han.

P.S. På stafetten vart Sogn og Fjordane sitt lag nummer åtte.