Hopp til innhold

No skal kyrkja jekkast opp 30 cm

I over 800 år har Undredal stavkyrkje stått nesten rett på jorda. No skal verdas minste stavkyrkje jekkast opp nesten 30 centimeter.

Undredal stavkyrkje

SKAL JEKKAST OPP: Det er sett i gang eit storstila arbeid for å berge Undredal stavkyrkje.

Foto: Anna K. Marstein

– Dette er eit tidkrevjande arbeid som krev mykje kunnskap, seier Sjur Mehlum hos Riksantikvaren.

Han er leiar for Stavkyrkjeprosjektet som no driv med oppgradering og restaurering av alle dei 28 stavkyrkjene i Norge. No er turen komen til stavkyrkja i Undredal og det er ikkje ein liten oppgradering som no er i ferd med å skje.

Må redde kyrkja frå fuktskadar

Tanken om å heve kyrkja opp frå bakken stammar heilt tilbake til 1923. No blir planen endeleg sett ut i live, og det er allereie fleire månader sidan arbeidet tok til.

I haust vart alt interiør og til og med golvet fjerna frå kyrkja, og sidan januar har bygdefolket sett eit veldig stillas reise seg rundt kyrkja. Dette skal etter kvart dekkast med ein duk, før sjølve jekkearbeidet kan ta til.

Arbeidet er heilt nødvendig skal kyrkja ha ei framtida.

– Kyrkja ligg langt nede terrenget og har problem med fukt. Å jekke den opp bil betre situasjonen for kyrkja betraktleg, seier Mehlum til NRK.no.

Fryktar turistsesongen er spolert

Undredal stavkyrkje har ein viktig posisjon i bygda, og kvart år får bygdelaget inn rundt 90 000 kroner på omvising av turistar i kyrkja. At kyrkja no skal oppgraderast får konsekvensar for dette. Bygdefolket har i verste fall frykta at dei ikkje kan ta i mot turistar i det heile denne sommaren.

Anna K. Marstein som er kyrkjetenar i Undredal stavkyrkje seier bygdefolket også har følt at dei ikkje har fått noko god informasjon om kva som skal skje med kyrkja og kor tid det skal skje. Sidan i haust har dei måtte halde gudstenester i skulehuset i bygda.

Marstein og dei andre i bygda har vore så utålmodige på informasjon, at Marstein for ei stund tilbake tok kontakt med Riksantikvaren for å få i stand eit informasjonsmøte. Dette kom i stand onsdag kveld.

Ikkje så gale som frykta

Kyrkjetenaren seier både ho og dei andre i bygda er glade dei no veit litt meir om kva som skal skje. Informasjonen dei fekk i forhold til stenging av kyrkja for turistar gjer at dei ser litt lysare på sommarsesongen.

– Det kan hende vi kan klare å få det til slik at turistane kan få ein kikk inn i kyrkja, og så kan dei går seg ein tur på stillaset som er rundt. I tillegg er det slik at dei som arbeider med restaureringa skal vere vande med å halde seg til publikum, så då kan dei fortelje folk om det som skjer, seier Marstein.

Mehlum i Riksantikvaren forstår at bygdefolk et har vore utålmodige etter informasjon, og at dei har vore uroa for turistsesongen.

– For alle stavkyrkjene vil dette arbeider med oppgradering innebere minst ein sesong som blir endra, seier han.

Samtidig er han klar på at dei vil prøve å leggje til rette slik at det framleis kan vere mogleg for turistar å få sjå kyrkja medan arbeidet går føre seg.

– Turistsesongen er nok ikkje øydelagd, men det blir annleis enn vanleg.

Går spennande tider i møte

Marstein på si side gler seg til å følgje med på arbeidet, og er spesielt spent på korleis det skal bli når kyrkja skal jekkast opp nær 30 centimeter. Dette vil skje over fleire dagar.

– Dette blir kjempespennande, så eg håpar folk kjem for å sjå, seier ho.

Sjølv om arbeidet fører til endringar i forhold til kor bygda må halde gudsteneste og turistsesongen er alle samde om at det er svært bra at kyrkja endeleg får eit løft.

– Det er ingen som vil at kyrkja skal rotne på rot, så dette er vi veldig glade for, seier ho.