Hopp til innhold

Skotårsdag er "gje bort-dag"

Dei tilsette i Aurland Sparebank brukar skotårsdagen til å hjelpe ein nyskipa 4H-klubb i gang.

Aurland Sparebank

SKOTÅRSGÅVE: Dei tilsette i Aurland Sparebank gir to timeløner til 4H.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det er 13 tilsette, og banksjef Gunnar J. Onarheim Sulen fortel at ideen kom fordi skotårsdagen er ein ekstra dag på kalenderen, og at dette krev at ein er litt oppfinnsam.

«Gje bort-dagen»

– Dei tilsette fann ut at dei ville gje to timeløner til eit godt føremål, vi kallar det "gje bort-dagen". Vi ville gje støtte til noko lokalt i Aurland, og vi plukka ut ei ungdomsgruppe som vi synest står for for mykje fine haldningar, nemleg 4H. Så dei skal få seg ei pengegåve i dag.

Dette utgjer rundt 10 000 kroner, og ein slik sum er bra med pengar for eit lite 4H-lag. Og Sulen og dei andre tilsette i Aurland Sparebank oppmodar andre i Sogn og Fjordane om å gjere noko tilsvarande.

– Eg har med interesse høyrt på radioen i dag at russen skal samle inn pengar til kreftforsking. Og vi oppmodar andre verksemder og gjerne private også til å gje pengar til eit godt føremål i dag.

Aurland Sparebank-tilsette

GIR TO TIMELØNER: Dei tilsette i Aurland Sparebank, ovanfrå: Milly Loftesnes, Therese Turlid, Robert Haugen, Jan Fredrik Hagen, Britt Julumsmoen Bakk, Edith Høisæth, Tone Hille, Lise Borlaug, Kitty Hjelle, Gunnar J. O. Sulen, Olav Borlaug, Olav Loven. Gunnar Skahjem har også gitt to timeløner, men er ikkje med på biletet.

Foto: Aurland Sparebank