– Ein skulle ikkje tru at nokon kunne sakne ein bomstasjon, men det er faktisk slik at denne har ein del å fortelje, seier Eivind Ødegård som er dagleg leiar i Den norske bokbyen.
Då bomstasjonen i Fjærland vart lagt ut på anbod i fjor, var Den norske bokbyen snar med å sikre seg den gamle bombua.
- LES OGSÅ: Fjærlandsbommen er historie
- LES OGSÅ: Bomstasjonen i Fjærland kan bli din
– Eit slags stillbilde av korleis det var
Bombua er ei av dei siste i landet av sitt slag, i dag har dei fleste bomstasjonar automatisk registrering når du køyrer forbi. Planen er no å lage ein installasjon med eit reelt bilde av korleis arbeidssituasjonen var.
– Installasjonen vil syne ein vanleg arbeidsplass for ein tilsett på stasjonen. Alt av papir, maskineri og utstyr som dei brukte vil vere på plass. I tillegg vil vi ha videosnuttar, forteljingar og tekster med historia til bomstasjonen, skildrar Ødegård ivrig.
- LES OGSÅ: Må finne seg ny jobb
Telefonkiosken er eksklusiv
– Telefonkiosken var i bruk her i Fjærland inntil nokre få år sidan, og no er det knapt ein einaste igjen, seier Ødegård.
Etter at produksjonen vart lagt ned i 1995 vart alle så nær som 100 kioskar fjerna.
– Vi fekk lov å ha den som ein del av eit kulturhistorisk minne for å syne korleis ein slik kiosk fungerer. For dette byrjar å verte svært eksklusivt, det er ikkje mange som har brukt ein slik, fortel Ødegård.
Noregs nest dyraste bomstasjon
– Sidan vegutviklinga har vore viktig for bygda og viktig for Vestlandet i det heile, så har me lyst til å fortelje litt om korleis det var å arbeide der og korleis vegen kom på plass. Det er ikkje lenge sidan det var fjorden som var vegen for å kome seg fram på Vestlandet, legg Ødegård til.
Dersom ein skulle køyre tur/retur til Fjærland og Sogndal så måtte ein ut med totalt 360 kroner, noko som er den nest dyraste bompasseringa i Noreg. Ødegård meiner dette er noko som gjer det viktig å ivareta historia og sjølve bombua.
– Det er jo svært spesielt med ein bomsats på 180 kroner éin veg. Ein kan ikkje unngå å lage noko ut ifrå det. Det at ein no kan køyre gjennom tre tunnelar bomfritt er eit resultat av at folk har lagt att mykje pengar i bomstasjonen.
Den gamle bomstasjonen og telefonkiosken er allereie plassert på ferjekaia i Fjærland, og målet er å setje dei i stand slik folk kan få besøke dei til sommaren.
- LES OGSÅ: Bomslutt kan gje handelskrig