Hopp til innhold

To ambulansar hindra av ras

Med berre nokre timars mellomrom vart to ambulansar frå Helse Førde hindra av ras.

Ambulanse ved Heilevang

KOM I MØTE: Då ambulansen som kom frå Askvoll vart hindra av eit ras, kom det ein ny ambulanse i møte frå Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fredag ettermiddag og natt til laurdag opplevde to ambulansar i Sogn og Fjordane at vegen framfor dei vart stengd av ras. Først var det ein ambulanse på veg frå Askvoll til Førde som vart hindra ved Heilevang på riksveg 609.

Ei stund etter midnatt opplevde kollegaer i ein annan ambulanse at det same skjedde på fylkesveg 616 i Bremanger.

– Dette er dessverre ein konsekvens av det fylket vi bur i, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov til NRK.no.

Sende ut ambulansebåt og ekstrabil

Den siste veka har vore prega av stor rasfare, både langs vegane og i fjellet. I løpet av vegar har ei rekkje vegar vorte stengde av ras og rasfare, og folk har blitt oppmoda om å vere på vakt ute i trafikken.

Fredag kveld fekk ambulansepersonell på nytt nærkontakt med naturkreftene. Ein ambulanse på veg med eit akuttoppdrag frå Askvoll inn til sjukehuset i Førde møtte på eit ras på fylkesveg 609 ved Heilevang mellom Førde og Askvoll.

Eit vel 20 meter breitt ras med jord, steinar og tre hadde teke med seg delar av rekkverket og vegen var sperra då ambulansen kom fram.

– Når slike ting skjer må vi berre setje i verk dei planane vi har. I dette tilfellet varsla vi ein ambulansebåt som sette kurs mot staden, og i tillegg sende vi ut ein ambulansebil frå Førde for å køyre i møte, seier Sægrov.

Det synte seg etter kvart at raset var så lite at det kunne ryddast relativt raskt. Sægrov seier ambulansen frå Askvoll-sida etter litt venting fekk køyrd gjennom raset, før pasienten vart flytta over i ambulansen som kom i møte.

– Dermed kunne Askvoll-ambulansen returnere, og båten vart kansellert, seier Sægrov.

– Hadde dei visst om raset tidlegare, ville det til dømes blitt aktuelt å nytta båttransport frå Askvoll til Dale, for så å ta biltransport inn til Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stian Sægrov
Foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

Snøras sperra vegen

Berre nokre timar skjedde det same igjen. Rundt midnatt gjekk det eit snøras på fylkesveg 616 mellom Skatestraumtunnelen og Berletunnelen i Bremanger. Ein ambulanse på veg til eit transportoppdrag måtte snu på grunn av raset.

– Ambulansen var på veg til ein pasient som skulle til lege, men det var ikkje eit akuttoppdrag. Etter at legen snakka med pasienten vart det konkludert med at ein kunne vente med ambulansetransport til laurdag, seier Sægrov.

Dersom oppdraget hadde vore akutt, hadde det vore eit alternativ å sende inn ein ambulanse frå hi sida, eller å rekvirere ein ambulansebåt også her.

Ingen farlege situasjonar

Sægrov seier ingen av dei to hendingane skal ha fått alvorlege følgjer. Han kjenner heller ikkje til fleire enn desse to oppdraga som har blitt hindra på grunn av ras denne veka.

– Det er heldigvis ikkje så ofte at dette skjer, men vi opplever det frå tid til annan, seier Sægrov.

Ambulansesjefen seier det er AMK-sentralen som har den mest krevjande jobben i slike tilfelle, då det er dei som må finne ei løysing.

– Det er utfordrande

Opp gjennom åra har etaten erfart at enkelte bygder blir isolerte over lengre tid på grunn av til dømes ras, og det er utarbeidd beredskapsplanar for dei fleste bygdesamfunna, fortel Sægrov.

– Men kva tenkjer du om at de på berre nokre timar vart hindra to gonger av ras?

– Det er utfordrande, og det er noko vi må ein måte berre må leve med trur eg. Vi har som sagt etablert ein beredskap og eg synst det fungerer greitt, seier ambulansesjefen.

– Konsekvensen er at det kan ta litt lengre tid for pasientar å kome seg til sjukehus. Det er ei utfordring både for helsepersonell, pasient og pårørande.

– Ingen garantiar

I løpet av dei åra Sægrov har fungert som ambulansesjef meiner han Helse Førde har klart å handtere dei situasjonane som har oppstått.

Sægrov meiner helseføretaket har relativt mykje ambulanseressursar i forhold til innbyggjartalet, men seier dei samtidig ikkje kan ha ein ambulanse på kvart einaste nes.

– Slik eg ser det klarar vi å handtere desse situasjonen. Men vi har ingen garanti for at dette ikkje kan få konsekvensar for pasientar. Derfor kan vi ikkje gå for hardt ut og seie at vi alltid taklar desse situasjonen. Så audmjuke må vi vere, seier han.

Han legg også til at AMK opplever at dei har eit svært godt samarbeid med Vegtrafikksentralen i forhold til vegstengingar. Det vil seie at AMK raskt får informasjon om til dømes storleik på ras og kva utsikter det er for opning av vegane.

– Dette er viktige tilbakemeldingar for oss i forhold til korleis vi skal planlegge.