Hopp til innhold

No bør du måke hyttetaket ditt

Har du ikkje gjort det allereie bør du gjere det straks: – Måk hyttetaket ditt fritt for snø, er oppmodinga frå forsikringsbransjen.

Hyttetak som har kollapsa

IKKJE MORO: Slik vil du ikkje finne att hytta di etter vinteren. Eit godt råd er å måke hyttetaket før snøen får taket til å kollapse.

Foto: Gjensidige

Det har kome mykje snø fleire stader i løpet av vinteren. Men mildvêr og nedbør som regn også i høgfjellet dei siste dagane byr no på problem.

Snøen blir fort svært tung og snødekte hyttetak i fjellet er no svært utsette for å kollapse. Arne Voll i Gjensidige Forsikring meiner folk må sjå til hus og hytter som står i utsette område.

– Vi snakkar om mange, mange tonn med snø på taket. Dette utgjer ei stor fare, både for hus og hytter, seier Voll.

Nedbør som regn også i høgfjellet

Det har snøa godt mange stader i høgda i vinter, og ofte er snøen til fjells av den lette sorten. Men ikkje no lenger. Torsdag kom statsmetereolog Tone Christin Thaule med eit uvanleg februarvarsel.

– Det er venta at snøgrensa vil stige til opp mot 1200 meter, var meldinga.

Det betydde regn også svært høgt til fjells. Hyttetak som er dekte av ei tjukk kvit dyne har dermed blitt endå tyngre. Slik våt snø betyr auka risiko for at takkonstruksjonar kan få skader, og i verste fall kan heile bygningar kollapse.

– Folk må ta ansvar

Mange er kanskje ikkje på hytta si så ofte, og fleire veit kanskje ikkje korleis stoda er på hyttetaket. Voll i Gjensidige ber folk vere særleg merksame på problemet no, og seier det er fleire faresignal folk bør halde utkikk etter.

Høyrer du til dømes knirking og smell i konstruksjonen er det dårleg nytt. Det same om du opplever at dører og vindauger er vanskelege å opne og lukke. Ser du synlege endringar må du verkeleg få opp farta med å rydde taket.

– Folk har eit ansvar sjølv, og det er veldig viktig at folk ser etter hytta si. Dersom hytta har stått gjennom heile vinteren, og det har snødd og snødd, kan det plutseleg gå gale, seier Voll.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mann som måker hyttetak

DETTE BØR DU GJERE: Er du ikkje sjølv i form til å gjere jobben, få nokon andre til å gjere det for deg, seier Voll i Gjensidige.

Foto: Gjensidige

Om ikkje kan det bli dyrt

Vanlegvis vil forsikringa dekke eventuelle skader som skjer som følgje av snø på taket.

Men gjennom forsikringa er folk pålagde å fjerne snø frå både tak, veggar, verandaer og terasser for å førebyggje og avgrense skadane.

– Dersom ikkje folk gjer dette kan erstatninga for skadane blir avkorta eller reduserte, seier Voll og legg til:

– Ein liten eigeninnsats kan spare mange for ei uheldig overrasking, seier han.