Hopp til innhold

Her ser dei raset kome buldrande

Då matros Robert Bøge høyrde buldringa i fjellet visste han kva som venta. Sekund seinare vart alt heilt kvitt. Sjølv om synet kan vere fascinerande, kan slike skred også vere livsfarlege.

– Eg høyrde det losna noko høgt oppe, seier Bøge til NRK.no.

Han og resten av mannskapet på ferja Fjærlandsfjord var i ferd med å frakta folk inn i den rasisolerte bygda Bakka i Gudvangen i Sogn og Fjordane. Like etter at ferja hadde gått frå kaien skjedde det dei dessverre har blitt vant til.

– Her går det ras rett som det er, seier Bøge.

Denne gongen var raset nær 90 meter breitt. Vegen vil tidlegast kunne opne laurdag.

Eitt av svært mange ras denne veka...

Og raset var på ingen måte ei overrasking for verken han, dei andre på ferja, eller dei som dagleg brukar vegen inn til bygda i Sogn. Vegen mellom Gudvangen og Bakka har vore stengd i lange periodar denne veka på grunn av nettopp ras og rasfare.

Då det store skredet losna i 17-tida fredag var allereie stengd av eit mindre ras like ved.

Det same gjeld for fleire andre vegstrekningar landet over, berre i Sogn og Fjordane var talet på rasstengde vegar i dag tidleg oppe i langt over ti. Mellom anna var begge hovudvegane gjennom fjordfylket stengde.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Snøskred i Gudvangen

SAME TID I FJOR: Den 25. februar i fjor fekk Alexander Paulsen festa dette skredet på film i same område. Fjellsida her er kjent for å vere svært rasutsett.

Stor skredfare «overalt»

Situasjonen er lik fleire andre stader, både på Vestlandet og lenger nord har ei rekkje vegar denne veka vore stengde på grunn av ras og rasfare.

Norges Geotekniske Institutt sa tidleg i veka at ingen fjellskråningar i Norge er trygge, og har bede skiløparar halde seg unna farleg terreng. Også dei som har ferdast langs vegane har måtte vere forsiktige.

Natt til torsdag måtte fem personar overnatte i bilane sine då dei vart innesperra mellom to skred på riksveg 13 mellom Røldal og Nesflaten i Suldal. Den store faren for nye skred gjorde det umogleg å hente dei ut før dagen etter.

Politiet vurderte plassen der bilane vart ståande som trygg og vurderte det som best at dei fem heldt seg der gjennom natta.

Har evakuert fleire familiar grunna rasfare

Og det er mange som får føle på frykta for ras. Fleire stader har familiar blitt evakuerte på grunn av rasfare, mellom anna i Fjærland i Sogn og Fjordane.

Familien Berge opplevde i fjor vår at eit skred nærast kom inn i stova til dei, og NVE har i dag vurdert situasjonen som så farleg at familien har måtte flytte heime frå.

– Etter synfaringar kom NVE fram til at ein bustaden Skreda måtte evakuerast. NVE meiner huset bør evakuerast det neste døgnet, seier rådmann Jostein Aanestad i Sogndal kommune til NRK.no.

I Nordland er fleire foreldre uroa etter at eit 100 meter breitt ras gjekk like før skulebussen skulle passere på fylkesvegen i Bjærangfjorden.

Ras har blitt ein del av kvardagen

For mannskapet på ferja Fjærlandsfjord i Gudvangen har ras og rasfare blitt ein del av kvardagen. Det er berre nokre månader sidan mannskapet vakna midt på natta av ei veldig buldring i den same fjellsida.

Eit 100 meter breitt steinras la seg då nesten heilt inntil ferja som den gong låg til kai.

– Det at det går ras her, har vi berre blitt vande med, seier matros Robert Bøge.

Sjølv om dei kan vere livsfarlege, kan det også vere ei spesiell oppleving å få sjå dei veldige naturkreftene på nært hald. Nettopp det fekk mannskapet i dag.

– Eg har alltid eit kamera liggjande på brua, så då eg høyrde buldringa var det berre å få det fram, seier Bøge og legg til:

– Det er fascinerande å sjå på. Denne gongen var raset veldig stort.

Sikker på at det vil kome fleire

Samtidig syner raset alvoret for å få sikra vegen inn til den vesle bygda. I løpet av vinteren går dei ei rekkje ras her, og seinast i fjor vinter var ein bil nær ved å bli teken av ras akkurat her.

– Vi kan vel seie det slik, det kjem til å kome fleire ras her i vinter, seier Bøge.