Tekst og foto: Silje Huseklepp
– Eg byrja å skrive noveller på ungdomsskulen og fant ut at eg likte det. I seinare tid har det gått over til dikt og kortprosa. Eg likar å få inn mykje på få linjer, å skrive lange historier utan å bruke mykje ord. Eg kan ikkje skrive langt, det er heilt umogleg, seier Linda Marie Kirketeig.
Musikk og natur er noko av det som inspirerer Linda Marie når ho skriv. Ho finn stemningar som ho likar, små situasjonar som ho ser og skriv ofte utifrå det. Død, sorgarbeid og natur er tema som går igjen i tekstane ho skriv.
– Det er veldig interessant å skrive om. Sjølv om det er mykje brukt frå før av, så er det kjekt å skrive om det på ein ny måte enn det allereie har vore skreve, fortel Linda Marie.
Søkjarrekord
Berre 12 av 137 søkjarar kom inn på Skrivekunstakademiet. Ei av desse var Linda Marie Kirketeig som også var den yngste.
– Eg hadde veldig lyst til å søkje fordi systera mi hadde gått der tidlegare. Ho sa at det var eit av dei beste åra ho hadde hatt, men eg slo frå meg tanken fordi eg ikkje trudde at eg kom til å komme inn, seier ho og legg til:
– Ein dag gjekk eg inn på heimesida til Skrivekunstakademiet og såg at fristen for å søkje gjekk ut om nokre få dagar, då bestemte eg meg for å søkje likevel. Eg fant nokre tekstar som eg hadde skreve på eit skrivekurs som eg hadde vore på tidlegare, bearbeida dei og sendte dei inn.
– Då eg opna brevet frå Skrivekunstakademiet gjorde eg det fort fordi eg visste sjølv at eg ikkje kom inn, fortel Linda Marie.
I brevet stod det at Linda Marie hadde fått plass hos Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho fortel at ho skalv lenge etterpå, og at ho ikkje trudde det var mogleg at ho hadde fått plass.
«Linda Marie vart teken opp på grunn av at ho skriv gode tekstar med høg litterær kvalitet. Det er imponerande å vere på eit slikt nivå i så ung alder», har akademileiar Rolf Enger uttalt til bygdeavisa «Sekstinisekstiåttetre».
Opplesing på Café Opera
Linda Marie sit på Café Opera i Bergen. Ho og ei anna frå klassen skal lese opp noko av det dei har skreve. Den danske forfattaren Mette Moestrup og bergenske Cecilie Løveid er også til stades for å lese opp nokre av sine eigne tekstar.
Lysa er dempa i lokalet, og på kvart bord er eit stearinlys tent. Ein kan høyre ei summing av prat som overgår bakgrunnsmusikken. Rundt det eine bordet sit ei nervøs Linda Marie saman med systera si, Siw-Anita Kirketeig, som tidlegare har gått på Skrivekunstakademiet.
Diktet Linda Marie skal lese opp denne kvelden er eit prosadikt. Det er fleire dikt som fortel ei i samanhengande historie.
Det er ikkje fyrste gong Linda Marie les opp noko av sitt eige arbeid. I fjor las ho opp på eit bokslepp med Thomas Espedal, som ho også har hatt som forelesar. Og i førre veke las ho opp eigne tekstar på eit arrangement i Dale i Sunnfjord saman med systera, Siw-Anita Kirketeig som etter planen skal komme ut med bok til hausten.
Etter Skrivekunstakademiet er planen til Linda Marie å studere litteraturvitenskap og ta ein bachelor i det.
– Er draumen å verte forfattar?
– Ja! I første omgang er målet å få gitt ut noko og å jobbe mot det. Og om eg då vert forfattar seinare hadde det vore utruleg kjekt, svarar Linda Marie og smiler.