Hopp til innhold

Vinterferien blir våt og vindfull

Drøymer du om sol og kvite vidder i vinterferien, då kan du nok bli skuffa. Den komande veka byr nemleg på både vind, regn på kysten og våt snø i indre deler av fylket.

Vestavind og regn ved Stabben fyr
Foto: Eivind Hjellum

Denne veka er det vinterferie i Sogn og Fjordane, og mange har håpa på skyfri himmel og ei varmande februarsol. Men meterologane dei ser heilt andre vertypar på sine skjermar.

– Måndag startar dårleg med ein sørleg sterk kuling og storm på kysten. Det blir skikkeleg ruskeveir med regn og våt snø i indre størk, fortel statsmeterolog Gunnar Livik.

SJEKK VERET HER: www.yr.no/

Han trekkjer fram tysdagen som eit lite lyspunkt, då kan det til og med bli gløtt av sol, men så er det påan igjen med meir regn og vind.

– Det ser ut til at heile veka blir prega av lågtrykk som ligg i kø og som kjem bøgjande inn med jamne mellomrom frå Grønland og Island. Skal ein ha sol og sommar, må ein til sørvest-Europa.

Statsmeterologen minner og om at det er stor rasfare i fjellet, og at den er aukande utover i veka.