Hopp til innhold

Årsbeste for Frøysedal i tresteg

Trass i elendig sesongoppkøyring grunna matforgifting, slo Inger Anne Frøysedal frå Stryn til med ein tredjeplass i tresteg laurdag under landskampen i friidrett i Steinkjer.

Inger Anne Frøysedal tek NM-gull på Byrkjelo

SATSAR UTANDØRS: Inger Anne Frøysedal frå Stryn satsar tung mot utandørssesongen i friidrett.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ho kom på tredjeplass i tresteg med 13,37 meter som beste notering, og ein litt kjip fjerdeplass i lengde med 5,85 meter.

– I tresteg vart det årsbeste, så eg må nesten vere nøgd med det. Lengde var ein bonus, der gjekk det greitt, seier Inger Anne Frøysedal.

Har hoppa lite i år

Ho er greitt nøgd med årsbeste i tresteg, men understrekar at ho berre har hatt eitt stemne før i år.

– Eg har ikkje hoppa så mykje, men eg er no nøgd sjølv om eg ikkje vann, seier Frøysedal.

Vart sett ut av matforgifting

Oppkøyringa har ikkje vore den beste. Under eit opphald i regi av Friidrettsforbundet i Mosambik vart ho sett heilt ut av spel grunna matforgifting. Det førte til at 22-åringen mista mange dagar med verdfull trening.

Det tok mange dagar før ho kjende seg pigg nok til å trene for fullt.

– Det har ikkje vore den beste treniningsvinteren heller. Eg har valt å ikkje satse så mykje på innandørs i år, eg går heller for utandørs, seier Frøysedal.

Berre 20 cm frå persen

Tresteg-hoppet laurdag var 20 centimeter unna hennar personlege rekord.

– Det kunne vore verre. Eg er nøgd med tanke på kor lite eg har trent, seier Frøysedal.

No siktar ho fram mot NM som er om knappe tre veker. Stemnet i helga gav signal på kva som er i vente.

Føler ho har meir inne

– Eg føler at eg har meir inne, så eg trur eg har mykje eg kan hente fram med litt meir trening, seier Frøysedal, som no går inn i ein tøff treningsperiode.

– Det blir mykje trening framover, og så får eg prøve å satse på ein formtopp til NM. Etter det blir det hardtrening før utandørssesongen, seier Frøysedal.

EM er det store målet

Føysedal har fleire NM-medaljar, og har EM for senior som det store målet. Utandørs har ho klart 13,63 i tresteg, og ho må truleg ha lengder i den kategorien for å nå EM-kravet.

– Det er veldig høge kvalifiseringskrav i år, men eg håpar å klare det, seier Frøysedal.