Hopp til innhold

Fannemel med tredjeplass i NM

Honndølen Anders Fannemel (20) slo til med bronse under NM i stor bakke i Granåsen tysdag kveld.

Anders Fannemel

HISTORISK: Anders Fannemel frå Hornindal sikra seg bronse i NM.

Foto: Josefsen, Jon-Michael, Jon-Michael Josefsen / Scanpix

Han låg på tredjeplass etter første omgang etter eit hopp på 132 meter.

I andre omgang hoppa han 133 meter, og med ein poengsum på 263,2 var bronsen eit faktum.

– Det er ei utruleg god kjensle. Eg har vore stabilt bra dei siste vekene, så det var godt å få til eit bra renn i dag også, seier Fannemel.

Hadde trua frå start

Han hadde ein god dag, og allereie etter første omgang tykte han at ting gjekk bra.

– Eg hadde trua og det betyr mykje i skihopping, seier Fannemel, som legg til at forholda var optimale i Granåsen tysdag kveld.

– Det var veldig stabile og fine forhold, minus tre grader og vindstilt. Alt låg til rette, seier Fannemel.

Han visste ikkje at han med hoppa sine tysdag var historisk i Sogn og Fjordane-samanheng, men det set ein spiss på NM-medaljen.

– Det er veldig kjekt. Å få medalje i NM er jo noko av det ein jobbar opp mot heile året, seier Fannemel.

Er i sitt livs form

Til helga dreg han til Willingen i Tyskland for å delta på verdscuprenna der. Målsetjinga er klar.

– Eg håpar å få til bra skihopp og vere blant dei 15–20 beste, seier Fannemel.

– Er du i ditt livs form?

– Ja, det trur eg, med tanke på stabilitet og sånn så er det ganske bra, seier Fannemel.

Sølvet gjekk til Bjørn Einar Romøren, som låg på førsteplass etter første omgang. Eit kjempehopp sikra Anders Bardal gullet og dermed sin sjette NM-tittel.

Er historisk i fylket

Leiar i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen, konstaterer at Fannemel sin tredjeplass er ei historisk plassering for Sogn og Fjordane.

– Dette er rett og slett fantastisk bra. Så vidt eg veit er dette første medalje til Sogn og Fjordane i eit seniorrenn i hopp. Så dette er historisk, seier leiar i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen.

Han er likevel ikkje overraska over plasseringa til den unge honndølen.

– Eg er ikkje overraska over at Anders tek medalje. Han har dokumentert veldig god form i den seinare tida. Dette er veldig sterkt, seier Thorsen, som trur Fannemel har mykje godt i vente.

Luktar VM i skiflyging

– Med dei plasseringane og prestasjonane som Fannemel har hatt siste tida så vil eg tru dette luktar VM i skiflyging, seier Thorsen.

Han trur Fannemel si plassering kan vere med på å auke rekrutteringa til sporten i fylket.

– Eg håpar at han gjennom dette kan vere eit godt førebilete for dei unge hopparane som er på veg opp og fram. Dei treng denne type førebilete, seier Thorsen.

Stig Morten Fredheim frå Hafslo vart nummer 46 i NM.

Trudde på medalje

Før rennet sa Fannemel til Bergens Tidende at han trudde han kunne vere med i medaljekampen.

Etter ein litt tung sesongopning har ungguten frå Hornindal kome sterkt tilbake. I verdscuprenna i Sapporo tok han både 7. og 10. plass, og i helga tok han 1. og 2. plass i kontinentalcupen i Tyskland.

Blir med til Tyskland

Hoppsjef Clas Brede Bråten garanterte etter rennet at Fannemel er sjølvskriven til verdscuprenna i Willingen i Tyskland i helga.